Nynorsk grammatikk og rettskriving
Korfor lære grammatikk?
Å ha eit godt språkleg medvit er viktig, og då må vi vite noko om korleis språket som system verkar, vi må kunne finne språklege mønster og kjenne igjen byggeklossane i språket. Vi treng å ha kunnskap om grammatikk, både fordi kunnskap er viktig i seg sjølv, men mest fordi vi då har eit felles metaspråk. Vi treng å kunne bruke felles omgrep for å snakke saman om tekstar og språklege tilhøve. Lærarar skal hjelpe og rettleie elevar til å bli betre skrivarar, og då treng vi å kunne kommunisere presist om tekstar.
Korleis arbeide med grammatikk?
Når ein arbeider med grammatikk i undervisninga, er det lurt å bruke fleire ulike metodar. Elevane bør også få tid til å utforske og undersøke språklege samanhengar sjølv. Elevane har mykje implisitt kunnskap om grammatikk og språk allereie, og dei må bli medvitne om alt dei faktisk kan. Dei grammatiske omgrepa ein treng når ein arbeider med nynorsk, er dei same ein bruker i bokmål, engelsk eller framandspråk. Det kan vere ein god idé å samanlikne språk; nynorsk, bokmål, talemål og andre språk elevane kan. Då kan ein undersøke kva som er likt og ulikt, og til det treng ein eit felles omgrepsapparat.
Her er nokre ulike måtar ein kan arbeide med grammatikk på:
Tekstar om språklege emne
Tekstar om språklege emne, skrivne av ordbokredaktør og språkrettar Aud Søyland.
- Fallgruver i verbbøying
- Bøying av inkjekjønnsord – enkel å læra
- Uttrykk som breier seg
- Sterke og svake verb – kva er det?
- De, dykk og dokker
- Er s-genitiv lov i nynorsk?
- Kvar skal no kommaet vera?
- Korleis laga gode setningar på nynorsk?
- Parverb gir fine nyansar i språket
- Samsvarsbøyinga er eit logisk system
- Dei vanskelege importorda
- Aktiv og passiv i nynorsk
- Kvifor heiter det eit ønske utan j?