Parverb gir fine nyansar i språket
24.02.2020
Aud Søyland har lang erfaring som språkrettar og ordbokredaktør. Framover vil ho skrive innlegg for Nynorsksenteret. Det første handlar om parverb.
Parverb er eit artig fenomen i språket: To verb som ser like ut i infinitiv, får ulik bøying og samtidig litt ulik tyding.
Tekst: Aud Søyland, språkrettar og ordbokredaktør
Foto: Anna Kirsten Hellevang
Skilnaden på to parverb er at det eine får sterk bøying og det andre svak bøying. Samtidig uttrykkjer dei ulike nyansar av ei handling. Tydingsskilnaden mellom det sterke og svake verbet kan illustrerast med verba henga og heng(j)a.
- Jakka heng ikkje på knaggen no. Ho hang der i går og har hange der heilt sidan i fjor.
- Liv heng(j)er ut klede. Først hengde ho opp sokkane, og no har ho hengt opp T-skjortene.
Nynorsk har ein god del parverb. Bokmål har nokre, men mange av parverba i bokmål har fått samanfallande bøying. Verba heng(j)a og henga er parverb både i nynorsk og bokmål.
Det svake verbet tek objekt
Vi ser av endingane i presens (-er) og i preteritum (-de) at verbet heng(j)a ovanfor er eit svakt verb. Det svake verbet er som oftast transitivt, det vil seia at det tek objekt. I setninga «Liv hengjer ut klede» er klede objekt.
Tilsvarande seier vi at det sterke verbet er intransitivt, det vil seia at det ikkje tek objekt. At det er sterkt, ser vi av at det ikkje har ending i presens eller preteritum, og at det ofte endrar vokal frå presens- til preteritumsforma.
Fleire parverb
Andre vanlege parverb er brenna/brenna, rekk(j)a/rekka, strekk(j)a/strekka ofl. Nokre setningar med dei verba viser skilnaden i tyding:
brenna/brenna
- Han brende alle kjærleiksbreva.
- Breva brann godt i omnen.
rekk(j)a/rekka
- Ho rekte fram handa.
- Ho rakk ikkje å ta telefonen.
strekk(j)a/strekka
- Han strekte seg langt for å gjera dei fornøgde.
- Han kjende at han strakk ikkje til.
Større avstand i tyding
Treng(j)a og trenga er òg parverb, men dei har heilt ulike tydingar:
- Eg trengde meg fram i folkehavet.
- Han trong ei ny bukse.
Det er svært vanleg å sjå – og høyra – at folk brukar den svake bøyinga av verbet å trenga når dei eigentleg meiner ‘ha bruk for’. Kanskje blir det etter kvart lov å skriva *han trengde ei ny bukse, men inntil vidare er det altså feil.
-gj- og -kj- eller ikkje?
I eksempla ovanfor har eg sett parentes rundt j etter g og k. Det er fordi denne j-en er valfri. Før måtte ein ha j i det svake verbet, om ein skreiv etter læreboknormalen, mens det sterke ikkje skulle ha j. Då var det lettare å sjå skilnad på det svake verbet hengja og det sterke verbet henga når dei stod i infinitiv.
Det vart valfritt i 2012 om ein ville skriva byggja eller bygga, tenkja eller tenka, osv. Me kan altså sløyfa j-en i dei fleste verb som før hadde j etter g og k. Unntaket er nokre tradisjonelle former som fylgja.
Fleire parverb
For den som gjerne vil skaffa seg oversikt over vanlege parverb, tek me med ei liste her. Det kan jo vera ei fin øving å laga setningar med ulike parverb og få øvd inn skilnaden.
Svakt, tek objekt | Sterkt, tek ikkje objekt |
brenna, brenner, brende, brent | brenna, brenn, brann, brunne |
frysa, fryser, fryste, fryst | frysa, frys, fraus, frose |
heng(j)a, heng(j)er, hengde, hengt | henga, heng, hang, hange |
knekk(j)a, knekk(j)er, knekte, knekt | knekka, knekk, knakk, knokke |
rekk(j)a, rekk(j)er, rekte, rekt | rekka, rekk, rakk, rokke |
renna, renner, rende, rent | renna, renn, rann, runne |
skvetta, skvettar, skvetta, skvetta; el. skvetter, skvette, skvett | skvetta, skvett, skvatt, skvotte |
sleng(j)a, sleng(j)e, slengde, slengt | slenga, sleng, slong, slunge |
sleppa, slepper, sleppte, sleppt | sleppa, slepp, slapp, sloppe |
smella, smeller, smelte, smelt | smella, smell, small, smolle |
smetta, smettar, smetta, smetta; el. smetter, smette, smett | smetta, smett, smatt, smotte |
sprekk(j)a, sprekk(j)er, sprekte, sprekt | sprekka, sprekk, sprakk, sprokke |
spretta, sprettar, spretta, spretta; el. spretter, sprette, sprett | spretta, sprett, spratt, sprotte |
strekk(j)a, strekk(j)er, strekte, strekt | strekka, strekk, strakk, strukke |
støkk(j)a, støkk(j)er, støkte, støkt | støkka, støkk, stokk, stokke |
svelta, sveltar, svelta, svelta; el. svelter, svelte, svelt | svelta, svelt, svalt, svolte |
svi(da), svi(de)r, svidde, svidd/svidt | svi(da), svir, svei, svide/svidd/svidt; el. svid, sveid, svide/svidd/svidt |
søkk(j)a, søkk(j)er, søkkte, søkkt | søkka, søkk, sokk, sokke |
vik(j)a, vik(j)er, vikte, vikt | vika, vik, veik, vike |