• Blogg
  • Leselyst i praksis – slik fekk norsklærar Kine elevane hekta på bøker

Leselyst i praksis – slik fekk norsklærar Kine elevane hekta på bøker

27.10.2025

Norsklærar Kine komprimert til nettside

På Smestad ungdomsskole i Lillehammer kommune har dei innført Lesekvart+, der plussdelen handlar om å styrkje lesegleda og leseferdigheitene gjennom ulike oppfølgingsaktivitetar. Norsklærar Kine Marsteintredet Pedersen meiner at satsinga har gitt dei ein måte å skape ekte leselyst på – også blant gutar som kanskje ikkje alltid har vore dei mest ivrige lesarane. 

Tekst: Jorid Saure
Foto: Kine Marsteintredet Pedersen

– Det som er så morosamt no, er at dei er så interesserte og opptekne av lesing. Dei spør: «Når skal vi lese bok?» På 8. trinn måtte vi faktisk framskunde framskunde kick-off med Lesekvart+ og Lillehammer bibliotek med to veker for å kome i gang, fortel Kine. 

Lesing som felles satsing

På Smestad ungdomsskole er lesing ikkje berre eit norsklærarprosjekt, men ein del av heile skulekulturen. 

– Lesekvarten står på timeplanen kvar dag, og vi prøver å leggje han til før lunsj, medan elevane er mest opplagde. Vi har lesekvart i alle teoretiske fag, men ikkje i kunst og handverk, val- og språkfag eller gym, seier Kine. 

Ho understrekar at målet er at lesing som ferdigheit skal setjast på dagsordenen i alle fag, ikkje berre i norsk. 

Rektor og leiinga støttar satsinga fullt ut. 
 
– Vi er kjempeheldige. Leiinga ser verdien av det, og vi merkar at lesing blir prioritert. Lærarane les òg sjølve under lesekvarten, det gjer oss til lesande førebilete for elevane. 

Samarbeid om lesing

Smestad ungdomsskole er ein av pilotskulane i leseløftstrategien til Lillehammer kommune, og samarbeider tett med Lillehammer bibliotek og litteraturfestivalen Pegasus. Gjennom Lesekvart+ får elevane både tid, rom og tilgang til eit breitt utval ungdomsbøker – også på nynorsk. 

– Vi har fått eit heilt nytt skulebibliotek, og vi har tre bibliotekarar – éin på kvart trinn – som hjelper elevane med å finne bøker. Det betyr utruleg mykje at dei faktisk finn noko dei har lyst til å lese, seier Kine. – Vi har ikkje vore slik at vi seier du ikkje kan lese En Pingles dagbok fordi det er for enkelt. Ver så god – berre les det du vil! 

Leselyst i praksis til nettside
Stripe
Stripe
Utveg bokomslag til nettside 768x1203

Nynorske ungdomsbøker som engasjerer

Kine har i fleire år brukt nynorsk litteratur aktivt i undervisninga. Ho har lese bøker som Rekrutten av Robert Muchamore, Utveg av Erling A. Westgaard Flote og Eg skal rive deg i filler av Therese Garshol Syversen, bøker som opnar for både refleksjon og engasjement. 

– Vi vart overraska over kor godt elevane likte Utveg. Vi var usikre på om dette var ei bok dei ville like, men vi blei positivt overraska. Vi jobba mykje med boka, og avslutta med å møte forfattaren på biblioteket. Elevane hadde laga spørsmål på førehand og fekk intervjue han frå scena, slik vi har lært gjennom metodikken med ungdomsbokbad. Det var kjempemorosamt, fortel ho. 

Eg skal rive deg i filler 768x1201

Om ungdomsromanen Eg skal rive deg i filler seier ho: 
 
– Eg likte boka frå første stund. Ho tek opp tema som ungdommar faktisk kjenner seg att i. Også Ned i skjul av Helene Guåker blir løfta fram som ei bok Kine trur vil engasjere elevane. 
 
– Eg kjem til å lese ho på 9. trinn neste år, sjølv om somme parti er litt eksplisitte. Men eg tenkjer det er viktig å stå i det, fordi boka tek opp tema eg trur elevane treng å arbeide med, seier ho. 

Fellesskapslesing som nøkkel

I norsktimane les dei romanar saman i tillegg til Lesekvart+, og Kine og kollegaene har utvikla ein eigen praksis for fellesskapslesing. Læraren les høgt, elevane følgjer med, og samtalane kjem undervegs. 

– Vi gir inga leselekse. Det funkar ikkje, då les berre 60 prosent av elevane. Når læraren les høgt, får vi alle med. Alle høyrer den same teksten, og vi kan stoppe opp og diskutere ord, innhald og tema undervegs. Det skjer noko heilt anna når læraren styrer lesinga, forklarar ho. 

Ho meiner denne måten å lese på gir rom for både refleksjon og fellesskap: 

– Eg trur det er eit lite pusterom for elevane. Det å lese høgt saman skaper ein felles referanse og eit «vi» i klasserommet. 

Variasjon og medverknad

Når Kine lagar oppgåver til bøkene, legg ho vekt på variasjon. 

– Vi prøver å lage både munnlege, skriftlege og kreative oppgåver – alt frå samtalar og korte refleksjonstekstar til podkastar og plakatar. Elevane får arbeide med innhaldet på ulike måtar, og oppgåvene blir til undervegs i leseprosessen, fortel ho. 

Samarbeidet i norsklærarkollegiet er òg ein viktig del av arbeidet. Lærarane deler oppgåver og idear i ein felles PowerPoint og på Teams, slik at ressursane stadig blir utvikla vidare. 

Frå prosjekt til praksis

Tidlegare hadde Kine ei delt stilling som prosjektkoordinator for «Like moglegheiter» i Lillehammer kommune. Der var ho med på å utvikle undervisningsopplegg i samarbeid med ytringsfridomsnettverket WEXFO, litteraturfestivalen Pegasus og Lillehammer bibliotek. 

– Eg laga opplegg til fleire nynorskbøker og var med på å bestemme kva bøker skulekontoret skulle kjøpe inn til ungdomsskulane i kommunen. No har vi to klassesett av tre ulike bøker som lærarane kan bruke når dei reiser til biblioteket i byen for å lese saman med klassa si. På vårparten i år møtte alle klassene forfattaren til boka dei hadde lese – anten på Pegasus eller på WEXFO-festivalen. Forfattarane sa at det er noko heilt anna å møte elevar som har lese boka i forkant, dei stiller heilt andre spørsmål, fortel ho. 

No jobbar ho igjen som lærar på fulltid, men erfaringane frå prosjektarbeidet lever vidare i klasserommet. 

Lesing som fellesskap

For Kine handlar fellesskapslesing først og fremst om å skape ei felles oppleving av språk og tekst: 

– Alle høyrer den same boka, og alle får ta del i samtalen. Det handlar om å oppleve noko saman – både som lesarar og som menneske.