Marker pride med ei god nynorskbok!
02.06.2026
Illustrasjon: David Revoy (frå Pepar & Gulrot episode 36)
På våren og sommaren er det pride-markeringar mange stader i landet, og mange skular ynskjer òg å markera pride. Utdanningsdirektoratet har skrive ein fin tekst om korleis de kan arbeida med tema som mangfald, kjærleik, inkludering og retten til å vera seg sjølv: Hvordan bruke Pride i undervisningen?
I samband med ei slik markering kan det vera fint å dra fram nynorske bøker som på ulike vis syner fram eller tematiserer skeive. Kan henda kan de laga ei lita bokutstilling om ei eller fleire av bøkene, anten i klasserommet eller i skulebiblioteket. Her kjem i alle høve nokre boktips:
Barnebøker
Geir Egil Eiksund: Kampen
I Kampen møter me Andreas som er 11 år. Andreas gler seg til å spela fotball i ferien saman med besteveninna Sara og nokre andre frå klassen. Plutseleg dukkar det opp ein ny gut som heiter Viljar. Andreas kjenner at han vert rar og varm når Viljar er i nærleiken.
Heidi Marie Vestrheim: Jenny Fender
Ei lettlesen og fengande bok om rockejenter utanfor allfarveg. Jentene står på terskelen mellom barndom og ungdom, og ting som var så sjølvsagde som barn, er ikkje alltid like sjølvsagde som ungdom. Og korleis skal ein greia å vera ein god besteven når ting skjer og nye kjensler lever sitt eige liv?
Oskar Kroon: Vente på vind
Det er sommarferie. Venge er endeleg hos morfar på øya der han bur. Ho drøymer om å segla til fjerne land og hamner. Kanskje vera litt helt, redda nokon skipbrotne. Ein dag dukkar det opp ei jente på stranda der båten ligg. Ho har svart hatt og heiter Rut.
Linda Klakken: Dumme, dumme hjarte
Det byrjar ei ny jente i klassen til Klara. Marie heiter ho, og ho er det finaste Klara har sett. Ho dansar som ei gudinne og ser heilt nydeleg ut. Klara vert hovudstups forelska. Klakken tematiserer ikkje at det er ei jente som er forelska i ei jente, men får fram det universelle i situasjonen. Kjærleik er kjærleik, og forelsking er aldri enkelt. Korleis skal du få sagt det du føler, til den du er forelska i?
Ungdomsbøker og bøker for unge vaksne
Kari Mathilde Hestad: Sceneskifte
Tittelen på romanen er fleirtydig, det skjer fleire ulike sceneskifte i forteljinga. Hestad skriv om aktuelle problemstillingar som venskap og uvenskap, sjalusi, mobbing, forelsking, homofili og trans, musikk og om korleis det er å vera på leiting etter den ein verkeleg er.
Tone E. Solheim: Svarttrasta syng om natta
Edith og Martha byter på å vera eg-forteljarar i kvar sine korte kapittel. Dei liker kvar sin musikktype og kvar sine klede, og har kanskje ikkje så mykje felles. Og det blir mange forviklingar og mange misforståingar mellom dei. Etter kvart innrømmer både Edith og Martha overfor kvar sine vener at dei er forelska i den andre, men dei fortel det ikkje til kvarandre
Martin Baldysz: Fallgard
Dette er ei god skildring av ei ung jente på veg til å bli vaksen i eit litt trongt øysamfunn. Folka der hjelper kvarandre når det trengst, men veit også alt om kvarandre og held kvarandre under oppsikt. Det er ikkje enkelt for ei som kjenner seg annleis, å finna ståstaden sin og ein veg framover.
Atle Hansen: Alexander er forelska i Live
Faren til Jonas er fotballtrenar, og Jonas har vore ein fotballgut, men treivst ikkje lenger saman med dei andre gutane. For faren hans er fotball det viktigaste i verda. Han fortel at dei har fått ein ny spelar på laget, Kevin. Han er ein god fotballspelar, men han har ord på seg for å vera ei bølle.
Sakprosa
Nathalie Simonsson: Verdas viktigaste bok. Om kroppen, kjensler og sex
Ei bok om alt ein vil vita, men ikkje vågar å spørja om. Boka fortel om kjærleik, familie, kjønnsroller og likestilling. Like viktig er det at ho vier merksemd til aktuelle tema som transseksualitet, legning, vald og seksuelle overgrep.
Kristin Fridtun: Homoflokar
Fridtun startar med eit historisk tilbakeblikk på korleis det har vore å vera skeiv i Noreg. Hen ser også på seg sjølv som ungdom og deler tankane sine om korleis hen fann ut av identiteten sin, og spør om kvifor det framleis skal vera so vanskeleg å godta seg sjølv som skeiv.