• Blogg
  • Ungdomar skal bokbade festspeldiktaren

Ungdomar skal bokbade festspeldiktaren

05.06.2026

Pressefoto av elevar komprimert til nettside

Frå venstre Maren Skaar Åmelfot, Andreas Vinsrygg Vadstein og Håkon Moltubak. 

Fredag 12. juni skal tre ungdomar bokbade festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn. 

Med utgangspunkt i lyrikken frå dei to siste diktsamlingane hans, Kvit, norsk mann og Norsk kjærleik, skal dei gjere eit dykk inn i livet og forfattarskapen hans. Maren Skaar Åmelfot (17) frå Ørsta, Andreas Vinsrygg Vadstein (18) frå Volda og Håkon Moltubak (18) frå Ørsta går andre året på musikklinja ved Volda vidaregåande skule. 

Heile klassen har lese dei to diktsamlingane. 

– Eg blei veldig gripen av dikta. Han skriv på ein måte som eg ikkje har lese så mykje av frå før. Så eg vil gjerne vite kva som ligg bak, og kva han tenker, seier Maren. 

– Dikta er ærlege og rett frå levra. Eg synest det er veldig modig å skrive så ærleg og legge identiteten og identitetskrisa si på eit sølvfat. Det skal litt til å tore det, men det er samstundes ein veldig viktig og riktig ting å gjere. Eg trur mange kan kjenne seg igjen, seier Håkon.  

–  Eg fekk eit heilt anna syn på utanlandsadopsjon. Tjønn samanliknar seg sjølv både med bilar og produkt frå Korea som eit salsprodukt. Det var tankevekkande, seier Andreas.

Ungdomane anbefaler andre ungdomar til å lese dikt. 

– Eg trur det set ord på ting som er vanskeleg å forklare gjennom andre sjangrar. Ein kan pakke det inn med rom for at folk kan tenke sjølv, seier Andreas. 

– Eg trur det er mange i klassa som tenker nytt om adopterte og korleis dei kan ha det. Dikt er ein fin måte å utvide horisonten på, seier Håkon. 

Pressefoto Lærar Ingvil Velle beskjært og komprimert til nettsida vår
Lærar Ingvil Velle

Fredag 12. juni skal dei tre elevane bokbade Brynjulf Jung Tjønn i Aasentunet under Festspela. 

Bokbadet blir arrangert av Nynorsk kultursentrum og Nynorsksenteret i samarbeid med læraren og klassa ved Volda vidaregåande skule.

–  For meg som er kvit middelklassekvinne som har alt eg treng i livet, og som aldri har opplevd rasisme, så trur eg desse dikta gir meg, både som lærar og som menneske, ei mykje betre forståing av korleis rasisme kan påverke eit menneske, seier Ingvil Velle. 

Kontaktperson:
Heidi Fagna
Høgskulelektor ved Nynorsksenteret (Høgskulen i Volda)
Mobil: 959 19 703
heidi@nynorsksenteret.no

Bakom boka
Bakom boka: Brynjulf Jung Tjønn om Kvit, norsk mann

I podkasten Bakom boka kan du høyre Brynjulf Jung Tjønn i samtale med Heidi Fagna. Podkasten finn du på Nynorskbok.no eller der du vanlegvis høyrer podkast.

Kvit norsk mann ikon
Kvit, norsk mann – arbeid med ein samfunnsaktuell, lyrisk tekst i klasserommet

I dette læringsopplegget skal elevane arbeide med tre av dikta til Brynjulf Jung Tjønn og blant anna reflektere over kva dei seier om det norske samfunnet. Gjennom høgtlesing, skriveoppgåver, tekstsamtalar og innspeling av podkast skal elevane reflektere over dikta.