Kvit, norsk mann – arbeid med ein samfunnsaktuell, lyrisk tekst i klasserommet
I 2022 gav Brynjulf Jung Tjønn ut lyrikkboka Kvit, norsk mann. Gjennom dikta fortel han om erfaringane han har hatt som adoptivbarn, og han set søkjelyset på identitet, tilhøyrsle og rasisme.
I dette læringsopplegget skal elevane arbeide med tre av dikta til Brynjulf Jung Tjønn og blant anna reflektere over kva dei seier om det norske samfunnet. Gjennom høgtlesing, skriveoppgåver, tekstsamtalar og innspeling av podkast skal elevane reflektere over slagkrafta i dikta til Tjønn og kva dei formidlar. Til trass for at tekstane er korte og enkle i forma, høver dei godt til fagleg fordjuping og refleksjon. Læringsopplegget passar både for ungdomsskulen og elevar i den vidaregåande skulen.
Arbeidet med dikta er delt opp i to økter, og alt du treng for å gjennomføre læringsopplegget, finn du i denne presentasjonen:
(Hugs å tillate vising av eksterne medieobjekt i presentasjonen, dersom du får spørsmål om det (oftast i form av ei gul stripe oppe i PowerPoint der du må trykkje «aktiver innhald»). Elles kan du oppleve at videoane med diktlesing ikkje viser.
Eventuelt finn du videoane her: video 1, video 2)
Merk deg at du kan velje å berre bruke delar av opplegget, og at du står fritt til å korte ned og byggje ut læringsopplegget etter eige ønske. Manusramme til podkast og tilhøyrande oppgåve finn du her:
Å arbeide med tekstar som seier noko om samtida vi lever i, er ei viktig målsetting i norskfaget. I kjerneelementet «tekst i kontekst» står det at elevane skal lese tekstar for å blant anna bli engasjerte og få innsikt i andre menneske sine tankar og livsvilkår. Det er difor viktig at ein i norsktimane brukar relevante, dagsaktuelle tekstar som kan nyttast til dette føremålet. Læringsopplegget er like mykje forankra i den overordna delen av læreplanen som i kompetansemåla i norsklæreplanen for ungdomstrinnet og den vidaregåande skulen. Læringsopplegget høver godt som utgangspunkt for eit vidare tverrfagleg arbeid i samfunnsfag og KRLE/religion og etikk.
Les meir om lyrikkboka til Tjønn på nynorskbok.no.