Nynorsk grammatikk og rettskriving

Lærarar skal hjelpe og rettleie elevar til å bli betre skrivarar, og då treng vi felles omgrep for å kunne kommunisere presist om tekstar. Ei variert grammatikkopplæring som er godt integrert med resten av skriveopplæringa, kan gje elevane eit slikt språk om språket som kan gjere det lettare å løfte skrivinga deira.

Grammatikkintro
Nynorsk på 1-2-3 teikna av Kristoffer S. Mathisen
123ikon Rakel
Nynorsk på 1-2-3

Nynorsk på 1-2-3 er eit nynorskkurs i teikneserieform. Her kan du lære om verb, substantiv og anna du treng kunne for å styre unna vanlege skrivefeil.

Prinsessa paa erta ikon
Prinsessa på erta

Utgåver av det same eventyret på dansk, svensk og nynorsk gjev eit godt høve til å utforske skilnader mellom nynorsk og nabolandsspråka.

Arbeid med tekstskriving og grammatikk ikon
Arbeid med tekstskriving og grammatikk samtidig

Skriv ein kort tekst og jobb litt med grammatikk samtidig! Inspirasjon til å starte skrivinga får elevane frå eit bilde.

30leiken ikon
30-leiken

I 30-leiken skal elevane finne postar i naturen og samarbeide om å løyse grammatiske oppgåver.

E eller A (ikon)
E-verb eller a-verb?

Elevar synest det nokre gonger kan vere vanskeleg å finne ut om eit verb skal ha -er eller -ar i presens. Denne oppgåva kan brukast til å drille dei i dette, slik at dei ikkje alltid treng å slå opp i ordlista.

Nynorsk Ovingsrom
Nynorsk øvingsrom

Nynorsk øvingsrom er eit interaktivt nynorskkurs frå Språkrådet. Ta kartleggingstesten, plukk øvingsoppgåver fritt eller skreddarsy di eiga øvingsrekkje.

Finn adjektiva 2
Finn adjektiva (PDF)

Finn adjektiva i rutenettet. Fasiten er på side 2 av PDF-en.

Ordboktips
Gode tips til bruk av nettordboka

Lurer du på korleis elevane kan ta i bruk nettordboka? Her får du tips frå Margunn Rauset, som er prosjektleiar for ordbokrevisjonen.

Ordbok
Nynorskordboka

Nynorskordboka er ei oppdatert nynorsk nettordbok, med bruksdøme, opplysingar om tydingar og korte etymologiar.

I tillegg til nettutgåva finst ho som app for iOS og Android.

Administrativ Ordliste
Frå bokmål til nynorsk

I denne vesle ordlista frå Språkrådet kan du slå opp på eit bokmålsord og få ei liste med synonym på nynorsk.

Kristin Fridtun
Nynorsk med Kristin

NTNU har laga ein serie med videoførelesingar der Kristin Fridtun gjev ei innføring i nynorsk grammatikk, ordtilfang og målføring.

Nynorsk Over Alle Grenser
Nynorsk over alle grenser

Nynorsk over alle grenser gjev ei innføring i særtrekk ved nynorsk rettskriving. Oppgåvene er laga av Torill Tørjesen og Pål Wiik, som har mange års røynsle som norsklærarar på Holmlia i Oslo.