Korleis få elevane til å engasjere seg i setningsledd og ordstilling?

Legg til rette for samarbeid og elevaktive oppgåver, og la dei utforske språket. I denne presentasjonen finn du åtte arbeidsoppgåver som er lette å ta i bruk, der elevane får arbeide med ordstilling, ordklasser og oppbygginga av setningar. Oppgåvene fremjar språkleg utforsking og synleggjer at det å kunne fleire språk er ein ressurs.  

Førearbeid

I oppgåve 2 skal elevane gå rundt i klasserommet, spørje medelevane sine og finne ut kva ei setning er på ulike språk. Arbeidsarket til oppgåva finn du her: Arbeidsark oppgåve 2 (docx)

Oppgåve 6 er ein konkurranse der elevane skal lage setningar med utgangspunkt i ulike subjekt, verbal og objekt. Arbeidsarket til oppgåva finn du her: Setningsledd-arbeidsark (pdf)
På den andre sida i dokumentet finn du adjektiva og adverbiala som elevane treng for å løyse oppgåve 7 og 8.