Samansette tekstar

Instagramnovelle kvadrat
Lag digitale forteljingar

Terje Torkildsen har på oppdrag for Nynorsksenteret skrive ei novelle for ungdomar: Heime-aleine-fest. I dette læringsopplegget skal elevane skrive vidare på novella til Torkildsen gjennom tre skriveoppdrag og lage tilhøyrande digitale forteljingar.

Cordelia Ikon
Teikneseriar

Ressurssidene om teikneseriar inneheld nynorske teikneseriar, lærarressursar, undervisningsopplegg og serieskapartips.

Hjerneorgasme ikon
Hjerneorgasme – ein ressurs om positiv kribling

Har du sett videoar av slim som vert blanda, eller appelsinar som vert pressa? Det har garantert elevane dine. Ressursen er bygd opp av ulike samtalespørsmål til artikkelen «Hjerneorgasme», og arbeidet vert avslutta med at elevane skal lage ein kreativ informasjonsfilm om temaet.

Kvit norsk mann ikon
Kvit, norsk mann – arbeid med ein samfunnsaktuell, lyrisk tekst i klasserommet

I dette læringsopplegget skal elevane arbeide med tre av dikta til Brynjulf Jung Tjønn og blant anna reflektere over kva dei seier om det norske samfunnet. Gjennom høgtlesing, skriveoppgåver, tekstsamtalar og innspeling av podkast skal elevane reflektere over dikta.

Elevdemonstrasjon1997ikon
Ungt språkengasjement

Samtale- og skriveoppgåver med utgangspunkt i den digitale utstillinga Ungt språkengasjement. Utstillinga er bygd på den 60-årige historia til Norsk Målungdom og gir oss eit innblikk i kva saker og stridsspørsmål dei har vore opptekne av gjennom seks tiår.

Img 5105 Kvadrat
Biletbøker i ungdomsskulen

Her finn du eit heilskapleg undervisningsopplegg for korleis du kan jobbe med biletbøker i ungdomsskulen.

Kjonnsladde ikon
Å mangle ballar – det kjønnsladde språket

I denne ressursen skal elevane reflektere over korleis vi brukar språket vårt som ein haldningsmarkør i møte med omverda. Deretter skal dei utforme plakatar (samansette tekstar) der dei rokkar ved dei stereotypiske språklege framstillingane av kjønna.

Floke1
Reklame på nynorsk

Her finn du reklamar på nynorsk og undervisingsopplegg om reklame.

Skuleavis Ikon
Avis i skulen

I dette prosjektet skal elevane lære å lage skuleavis. Å arbeide med avis i skulen er ein fin måte å jobbe med samansette tekstar på.