Avis i skulen

Av Anna Kirsten Aaland Hellevang
I dette prosjektet skal elevane lære å lage skuleavis. Å arbeide med avis i skulen er ein fin måte å jobbe med samansette tekstar på. Elevane kan vere kreative, og dei må samarbeide for å få ferdig eit sluttprodukt. Kompetansemåla til denne ressursen er henta frå den nye læreplanen i norsk (LK20).

Tips: Samarbeid med lokalavisa
Læraren kan til dømes kontakte lokalavisa for å få tak i aviser som elevane kan hente inspirasjon frå. Kanskje kan ein få til eit besøk til lokalavisa? Eller be ein journalist om å kome til klasserommet og fortelje om korleis ho/han jobbar.