Skriving
Korleis kan ein arbeide målretta med språket i elevtekstar?
Dette undervisningsopplegget syner korleis ein kan arbeide med språket i elevtekstane, og det kan brukast i alle tekstar elevane skal skrive.
Skriverammer
Nokre gonger kan det vere vanskeleg for elevane å starte tekstskriving, og mange hevdar at dei ikkje har fantasi. Då kan det vere ein ide å la dei få planlegge teksten sin ut ifrå ei skriveramme. Skriveramma hjelper dei med å lage ein struktur for teksten sin.
Ballbingar og verdsmeisterskap – VM som inngang til samtale og skriving
Opplegget inneheld blant anna NFF sin uttaksfilm og Kongens tale til landslaget, som dannar utgangspunkt for fleire av oppgåvene. Du finn oppgåver som inviterer til munnleg aktivitet, skriving på nynorsk og refleksjon kring alt frå retorikk og språklege bilete til forventningar og VM-feber. Elevane kan mellom anna delta i ein VM-skriveverkstad, samtale om fotball og fellesskap og tippe på resultata i meisterskapet.
Venskap og kjærleik: motiverande småskriving på nynorsk!
Motiverande småskrivingsoppgåver på nynorsk med utgangspunkt i tema som mange ungdomar er opptekne av, nemleg venskap, forelsking og gode kjensler.