Tverrfagleg tema: Menneskerettar, demokrati og medborgarskap

Å skrive fagartikkel på nynorsk

I denne tverrfaglege undervisningsressursen skal elevane skrive ein fagartikkel på nynorsk. Vi har laga to oppgåver, den eine handlar om ytringsfridom, og den andre handlar om barn og ungdom på flukt. FNs verdserklæring om menneskerettane og FNs konvensjon for barnerettane er også sentrale tema i oppgåvene. Målet med denne ressursen, i tillegg til auka innsikt i og kunnskap om temaet, er at elevane ved hjelp av modellering og bruk av modelltekst skal lære alle steg i skriveprosessen frå undersøking til ferdig tekst.

  • Om skriving

    Skriving er ein reiskap for kunnskapsutvikling. Skriving er også ein reiskap for å gjere kunnskap i dei ulike faga synleg. Elevane skal byggje opp kunnskap om temaet gjennom å sjå filmar, lese tekstar og arbeide med refleksjonsoppgåver i plenum i klassa. I tillegg skal dei leite etter aktuelt fagstoff i kjelder, velje ut viktige moment og lage seg ei problemstilling for fagartikkelen dei skal skrive.

    Utviklinga av skrivekompetansen til elevane er ein kontinuerleg prosess gjennom heile skuleløpet. Derfor treng elevar på ungdomstrinnet eksplisitt skriveopplæring. Viktige komponentar i ei slik skriveopplæring er modellering, lesing av eksempeltekstar, klare formål og tydelege rammer for dei skriveoppgåvene elevane får, i tillegg til støtte og rettleiing i skriveprosessane. Det handlar rett og slett om å byggje stillas for skrivinga.

    Når elevar skriv om eit fagleg tema, påverkar kjeldene elevtekstane språkleg. For at elevane skal lære å skrive god nynorsk, er det viktig å ha tekstlege førebilete på nynorsk. Dette kan vere modelltekstar og eksempeltekstar, og det kan vere faglege kjelder i tillegg til læreboka. I denne ressursen finn du både forslag til skriveoppgåver og kjeldetekstar på nynorsk. Det er viktig at elevane brukar nynorsk som hovudspråk gjennom heile arbeidsperioden.

    Nedst i ressursen ser de korleis oppgåvene er forankra i dei tre læreplanane samfunnsfag, KRLE og norsk. Der finn de også ressursar til korleis ein kan leie gode skriveprosessar, og korleis ein kan arbeide med språket når elevane skal skrive nynorske tekstar.

  • Forslag til læringsmål

    Elevane skal

    • forklare ulike grunnar til at menneske flyktar, gjere greie for problemstillingar knytte til menneskerettar og til barnekonvensjonen og kva konsekvensar dette kan få for barn og unge
    • reflektere over konsekvensane av at menneskerettane og barnekonvensjonen blir brotne
    • grunngi og reflektere rundt eigne haldningar om tema som menneskerettar, ytringsfridom, flyktningar, demokrati og medborgarskap
    • skrive ein fagartikkel med sjangertypiske trekk og nytte relevant nynorsk fagspråk i teksten
    • samarbeide og ta imot rettleiing

Opplegg 1: Ytringsfridom og menneskerettar

I dette undervisningsopplegget skal elevane skrive ein fagartikkel om ytringsfridom og kva menneskerettar som blir brotne når nokon blir straffa fordi dei har ytra seg. Dei får lese utdrag frå boka Eg får aldri sjå verda igjen av Ahmet Altan, som sit i fengsel med livstidsdom på grunn av ytringane sine. Dei skal òg lese tekstar og reflektere om temaet. Saman med opplegget finn du peikarar til oppgåver og kjelder og forslag til korleis ein kan arbeide med språk og tekststruktur når ein skriv ein fagartikkel.

  • Læringsløype 1 – fagartikkel om menneskerettar

    I læringsløypa finn du forslag til korleis klassa kan arbeide med skriveoppgåva om menneskerettar. Læringsløypa er delt inn i øktelement, oppgåver og kjelder og kan lett byggjast ut eller inn etter ønske.

    PowerPoint-presentasjon til læringsløypa

    Tenk gjennom før oppstart

    • Kven er mottakar av fagartiklane? Gjer avtale med elevane om dette.
    • Artikkellengde og innleveringsfrist?
    • Korleis skal fagartikkelen vurderast? Her finn du forslag til sjekkliste for elevane og forslag til vurderingskriterium i norsk.
    • Har elevane lært å bruke ordbok?
    • Har elevane lært referanseteknikk og kjeldeføring?

    Arbeid i klassa med fagstoff

    Start med å sjå boktraileren til boka Eg får aldri sjå verda igjen av Ahmet Altan.

    Les eit utdrag av boka i fellesskap i klassa.

    Elevane noterer stikkord og korte setningar under høgtlesinga. Det kan vere ord/setningar dei legg merke til, eller ord/omgrep dei ikkje forstår.

    Be elevane tenkjeskrive i to minutt om tankar dei sit att med etter å ha lese utdraget. Dei skal dele tankane med læringsvenen.

    Les bokmeldinga i Vårt Land og be elevane ta stilling til påstandane under. Er dei einige eller ueinige? Elevane må vere budde på å grunngi standpunkta sine:

    1. Alle bør få lov til å skrive og seie det dei meiner.
    2. I nokre land er det farleg å skrive og seie det ein meiner.
    3. Ein forfattar kan heksekunsten å vandre gjennom murar.
    4. Ahmet Altan er utsett for umenneskeleg behandling.

    Knyt temaet til relevante kapittel i KRLE- og samfunnsfagsboka til elevane.

    Byggje fagomgrep

    Demokrati, diktatur, menneskerettar, ytringsfridom og menneskeverd er sentrale omgrep elevane må skjøne og bruke i fagartikkelen.

    Forslag til tekstar:

    Arbeid med ord og omgrep (film frå Språkløyper)

    Omgrepskort

    Gi elevane i oppdrag å lage omgrepskort der omgrepet står på den eine sida og forklaringa på den andre. Laminer korta om mogleg. Elevane arbeider deretter med omgrepskorta i grupper. Dei skal trekkje eit kort og forklare omgrepet på kortet dei trekkjer, for resten av gruppa.

    Finn rett forklaring

    Skriv omgrepet på ein lapp og forklaringa på ein annan. Laminer korta og del ut ein lapp til kvar elev. Be elevane deretter gå rundt i klasserommet og leite etter læringsvenen som har forklaringa/omgrepet som passar. Når alle omgrepa og forklaringane er funne, set elevane seg saman i ein ring og presenterer omgrepa for klassa.

    Presskriving

    Elevane skriv alt dei veit om ytringsfridom, i 5–10 minutt.

    Introdusere skriveoppgåva

    Skriv ein fagartikkel på nynorsk om menneskerettane der du viser kva menneskerettar du meiner er brotne i Ahmet Altans sak. Du skal grunngi standpunkta dine og reflektere rundt korleis og kvifor du meiner at akkurat desse menneskerettane er brotne.

    Be elevane markere handlingsverba i oppgåveteksten.

    Søk i kjelder

    Elevane leiter i kjelder for å finne ut meir om menneskerettane.

    Vel ut moment frå kjeldene

    Elevane får i oppgåve å velje ut tre–fem viktige moment knytte til temaet for oppgåva som dei er spesielt interesserte i, og så formulere desse momenta i tre–fem setningar.

    Bruk gjerne gule lappar og heng alle momenta/setningane opp i klasserommet. Bruk dei gule lappane som utgangspunkt for å dele idear til tema i fagartikkelen.

    Lage problemstilling

    Formuler momenta/setningane som spørsmål. Dette kan vere eit grunnlag for å arbeide med tema, problemstilling og undertema til fagartikkelen.

    Modellere struktur

    Læraren modellerer strukturen i ein fagartikkel og introduserer tekstfaglege omgrep som overskrift, innleiing, avsnitt, temasetning, kommentarsetning, avslutning osb.

    Eit eksempel på korleis ein fagartikkel kan strukturerast, finn du i dette avsnittsskjemaet og i denne modellteksten. Avsnittsskjema der tema, problemstilling og undertema kan førast inn og vidareutviklast, finn du her: Blankt avsnittskjema.

    Skrive førsteutkast

    Elevane skriv førsteutkast. Dei skal bruke eit variert fagspråk som er tilpassa temaet dei skriv om. Fagartikkelen skal ha ei overskrift, ein ingress, ei innleiing, ein hovuddel med tematiske avsnitt og ei oppsummering. Elevane må hugse å vise til kjeldene dei har brukt.

    Språkleg arbeid

    La elevane så arbeide med språket i tekstutkastet sitt saman med ein læringspartnar, to og to.

    Eidekvadrat
    Korleis kan ein arbeide målretta med språket i elevtekstar?

    Dette undervisningsopplegget syner korleis ein kan arbeide med språket i elevtekstane, og det kan brukast i alle tekstar elevane skal skrive.

    Respons og andreutkast

    La elevane gi kvarandre respons på nokre få utvalde element knytte til tekststruktur og bruk av fagomgrep. Elevane skriv andreutkast på bakgrunn av tilbakemeldingane frå medelevar og lærar.

    Vurdering

    Elevane får vurdering i dei aktuelle faga.

    Døme på skjema for vurdering.

    Ta tekstane i bruk!

    De kan sende artiklane til lokalavisa, til Framtida.no, til Amnesty Norges nettside eller andre. De kan òg publisere fagartiklane i eit klassehefte om menneskerettar eller hengje dei opp i foajeen, eller de kan lage ei enkel Google-nettside. Elevane kan også lage munnlege framføringar med utgangspunkt i fagartikkelen sin og framføre for andre klasser, eller dei kan lage rollespel. Korleis tekstane skal brukast, må sjølvsagt avtalast med elevane på førehand.

I Stock 1256373495
Foto: LordHenriVoton / iStock

Opplegg 2: Barn på flukt og barnerettar

I dette undervisningsopplegget skal elevane skrive ein fagartikkel om barn og ungdom på flukt og kva barnerettar som blir brotne for mange barn som er på flukt og bur i flyktningleirar. Dei får sjå filmar og lese tekstar om barn i flyktningleirar og forholda der. Dei skal også lese utdrag frå skjønnlitterære bøker og ein sjølvbiografi om barn på flukt som er komne til Noreg. Saman med ressursen finn du peikarar til oppgåver og kjelder og forslag til korleis ein kan arbeide med språk og tekststruktur når ein skriv ein fagartikkel.

  • Læringsløype 2 – fagartikkel om barn og unge på flukt

    I læringsløypa finn du forslag til korleis klassa kan arbeide med fagartikkelen om barn og unge på flukt. I artikkelen skal elevane peike på kva FNs konvensjon om barnerettane seier om rettane til barn på flukt, og vise med døme korleis desse vert brotne.

    Læringsløypa er delt inn i øktelement, oppgåver og kjelder og kan lett byggjast ut eller inn etter ønske.

    PowerPoint-presentasjon til læringsløypa

    Tenk gjennom før oppstart

    • Kven er mottakar av fagartiklane? Gjer avtale med elevane om dette.
    • Artikkellengde og innleveringsfrist?
    • Korleis skal fagartikkelen vurderast? Her finn du forslag til sjekkliste for elevane og forslag til vurderingskriterium i norsk.
    • Har elevane lært å bruke ordbok?
    • Har elevane lært referanseteknikk og kjeldeføring?

    Arbeid i klassa med fagstoff

    • Sjå heile eller delar av første episode av NRK-serien Flukt (39 minutt). Be elevane skrive ned stikkord og faktasetningar om det som kjem fram i dokumentaren. Kva tenkjer elevane om det dei har sett?
    • Har elevane nokon gong vore på flukt frå noko eller nokon? Kva slags kjensler får dei når dei tenkjer på desse hendingane? Om dei ikkje har det: Korleis trur elevane det kjennest å vere på flukt? Skriv «FLUKT» på tavla og be elevane skrive ned kva slags assosiasjonar dei får når dei høyrer ordet. Be elevane ta utgangspunkt i orda og skrive femlinjersdikt med overskrifta «Flukt».

    Les høgt for heile klassa eitt eller fleire av desse utdraga:

    Pass på at elevane noterer stikkord og korte setningar både under høgtlesinga og når dei les sjølv. Det kan vere ord/tema som dei blir ekstra interesserte i, og som dei bit seg ekstra merke i. Det kan vere ord/tema dei stussar på. Det kan vere ord dei har spørsmål om eller ikkje heilt forstår.

    Kva tenkjer elevane om utdraget som blir lese opp for dei? La elevane tenkjeskrive i fem minutt etter høgtlesinga. Be dei deretter formulere spørsmål til teksten. Set dykk i ein sirkel i klassa og diskuter utdraga med utgangspunkt i spørsmåla som elevane har skrive.

    Les tekstane:

    Sjå filmane:

    Heng ein lapp i kvart av dei fire hjørna i klasserommet. Marker eitt hjørne med «ja», eitt med «nei», eitt med «kanskje» og eitt med «veit ikkje». Les opp ein og ein av påstandane nedanfor og be elevane ta stilling til påstanden ved å gå til eit hjørne. Elevane må vere budde på å grunngi standpunkta sine, og dei kan få lov til å endre standpunkt.

    Be elevane ta stilling til påstandane:

    • Ungdommar er like sårbare som barn i krig og konflikt.
    • Alle barn har rett til eit liv og ei framtid.
    • Barn har rett til ekstra vern dersom dei er flyktningar.
    • Alle barn har rett til eit godt helsetilbod.
    • Alle barn har rett til god nok levestandard.
    • Alle barn har rett til skule og utdanning

    Knyt temaet til relevante kapittel i KRLE- og samfunnsfagboka til elevane.

    Byggje fagomgrep

    Flyktning, barnekonvensjonen, menneskerettar, menneskeverd, asylsøkjar, demokrati og diktatur er sentrale omgrep elevane må skjøne og bruke i fagartikkelen.

    Forslag til tekst å lese: «Saka om Mustafa Hasan viser at noko er alvorleg gale med asylsystemet vårt» (Framtida)

    Arbeid med ord og omgrep (film frå Språkløyper)

    Omgrepskort

    Gi elevane i oppdrag å lage omgrepskort der omgrepet står på den eine sida og forklaringa på den andre. Laminer korta om mogleg. Elevane arbeider deretter med omgrepskorta i grupper. Dei skal trekkje eit kort og forklare omgrepet dei trekkjer, for resten av gruppa.

    Finn rett forklaring

    Skriv omgrepet på ein lapp og forklaringa på ein annan. Laminer korta, og del ut eitt til kvar elev. Be dei deretter gå rundt i klasserommet og leite etter læringsvenen som har forklaringa/omgrepet som passar. Når alle omgrepa og forklaringane er funne, skal elevane setje seg saman i ein ring og presentere omgrepa for klassa.

    Presskriving

    Elevane skriv alt dei veit om barn på flukt.

    Introdusere skriveoppgåva

    Skriv ein fagartikkel på nynorsk om barn og unge på flukt der du viser til FNs konvensjon om barnerettane. Forklar korleis det er å vere på flukt, og kva konsekvensar du meiner det kan få å vere på flukt, særleg for barn og unge. Grunngi vala dine, og reflekter rundt korleis og kvifor du meiner dei konsekvensane du har valt, er særleg viktige.

    Be elevane markere handlingsverba i oppgåveteksten.

    Søk i kjelder

    Elevane leiter i kjelder for å finne ut meir om menneskerettane.

    Vel ut moment frå kjeldene

    Elevane får i oppgåve å velje ut tre–fem viktige moment knytte til temaet for oppgåva som dei er spesielt interesserte i, og så formulere desse momenta i tre–fem setningar. Bruk gjerne gule lappar og heng alle momenta/setningane opp i klasserommet. Bruk dei gule lappane som utgangspunkt for å dele idear til tema i fagartikkelen.

    Lage problemstilling

    Formuler momenta/setningane som spørsmål. Dette kan vere eit grunnlag for å arbeide med tema, problemstilling og undertema til fagartikkelen.

    Modellere struktur

    Læraren modellerer strukturen i ein fagartikkel og introduserer tekstfaglege omgrep som overskrift, innleiing, avsnitt, temasetning, kommentarsetning, avslutning osb.

    Eit eksempel på korleis ein fagartikkel kan strukturerast, finn du i dette avsnittsskjemaet og i denne modellteksten. Avsnittsskjema der tema, problemstilling og undertema kan førast inn og vidareutviklast, finn du her: Blankt avsnittskjema.

    Skrive førsteutkast

    Elevane skriv førsteutkast. Dei skal bruke eit variert fagspråk som er tilpassa temaet dei skriv om. Fagartikkelen skal ha ei overskrift, ein ingress, ei innleiing, ein hovuddel med tematiske avsnitt og ei oppsummering. Elevane må hugse å vise til kjeldene dei har brukt.

    Språkleg arbeid

    La elevane så arbeide med språket i tekstutkastet sitt saman med ein læringspartnar, to og to.

    Eidekvadrat
    Korleis kan ein arbeide målretta med språket i elevtekstar?

    Dette undervisningsopplegget syner korleis ein kan arbeide med språket i elevtekstane, og det kan brukast i alle tekstar elevane skal skrive.

    Respons og andreutkast

    La elevane gi kvarandre respons på nokre få utvalde element knytte til tekststruktur og bruk av fagomgrep. Elevane skriv andreutkast på bakgrunn av tilbakemeldingane frå medelevar og lærar.

    Vurdering

    Elevane får vurdering i dei aktuelle faga.

    Døme på skjema for vurdering.

    Ta tekstane i bruk!

    De kan sende artiklane til lokalavisa, til Framtida.no eller andre. De kan òg publisere fagartiklane i eit klassehefte om barn på flukt og barnerettar eller hengje dei opp i foajeen, eller de kan lage ei enkel Google-nettside. Elevane kan også lage munnlege framføringar med utgangspunkt i fagartikkelen sin og framføre for andre klasser, eller dei kan lage rollespel. Korleis tekstane skal brukast, må sjølvsagt avtalast med elevane på førehand.

I Stock 499431708
Foto: Vichinterlang / iStock

Takk

Dette opplegget er inspirert av prosjektarbeidet «Skrive fagtekst» i Nesset kommune og arbeidet som lærar Ingebjørg Eide har gjort ved Eide ungdomsskole. Dei ulike stega i «arbeid med språket» byggjer på eit opplegg som Gudrun Kløve Juuhl og Ingrid Slettevoll ved Nynorsksenteret har utvikla. Førsteamanuensis Kristin K. Sjøhelle ved Høgskulen i Volda har kommentert undervisningsopplegget frå Eide ungdomsskole. Rektor ved Angvik skule og medlem av faggruppa for «Skrive fagtekst»-prosjektet i Nesset, Unni Kjelleberg Solli, har gitt oss verdifulle innspel, tilbakemeldingar og korrigeringar. Tusen takk!

  • Ekstraressursar

    Ressursar om arbeid med språk i nynorske tekstar

    Korleis kan ein arbeide målretta med språket i elevtekstar?

    Tips til undervisninga for elevar med nynorsk som sidemål. Lærar Ingebjørg Eide på Eide ungdomsskole på Nordmøre har lagt opp til at elevane på 10. trinn skal ha samfunnsfagbok på nynorsk. Elevane har jobba i heil klasse og i par med å finpusse språket i tekstane sine. Dei har brukt fire fastlagde kategoriar i dette arbeidet.

    I opplegget finn du mykje nyttig informasjon og erfaringar om korleis du kan leggje opp arbeidet med språk i elevtekstane, i klasserommet, ein fagfilm der førsteamanuensis Kristin Kibsgaard Sjøhelle frå Høgskulen i Volda kommenterer bruk av metoden språkbad i sidemålsundervisninga, ei nynorsk frasesamling og andre nyttige ressursar.

    Ressursar om skriveopplæring

  • Forankring i LK20

    Overordna del av LK20, det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap

    Demokrati og medborgarskap er eit av dei tre tverrfaglege temaa i LK20 som skal bidra til at elevane oppnår forståing og ser samanhengar på tvers av fag:

    «Demokrati og medborgarskap som tverrfagleg tema i skolen skal gi elevane kunnskap om føresetnadene for, verdiane til og spelereglane i demokratiet, og gjere dei i stand til å delta i demokratiske prosessar. Opplæringa skal gi elevane forståing for samanhengen mellom demokrati og sentrale menneskerettar som ytringsfridom, stemmerett og organisasjonsfridom.»

    Fag: norsk, samfunnsfag, KRLE

    Norsk LK20, etter 10. trinn

    Forslag til kjerneelement:

    • tekst i kontekst
    • kritisk tilnærming til tekst
    • skriftleg tekstskaping

    https://www.udir.no/lk20/nor01-06/om-faget/kjerneelementer?lang=nno

    Forslag til kompetansemål:

    • bruke fagspråk og argumentere sakleg i diskusjonar, samtalar, munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar om norskfaglege og tverrfaglege tema
    • informere, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål tilpassa mottakar og medium
    • skrive tekstar med funksjonell tekstbinding og riktig teiknsetjing og meistre rettskriving og ordbøying på hovudmål og sidemål
    • bruke fagspråk og kunnskap om grammatikk, tekststruktur og sjanger i samtale om og vidare arbeid med tekstar

    Samfunnsfag, LK20, etter 10. trinn

    Forslag til kjerneelement:

    • demokratiforståing og deltaking
    • samfunnskritisk tenking og samanhengar

    https://www.udir.no/lk20/saf01-04/om-faget/kjerneelementer?lang=nno

    • gjere greie for årsaker til og konsekvensar av sentrale historiske og notidige konfliktar og reflektere over om endringar av nokre føresetnader kunne ha hindra konfliktane
    • gjere greie for årsaker til og konsekvensar av terrorhandlingar og folkemord, som holocaust, og reflektere over korleis ekstreme haldningar og ekstreme handlingar kan førebyggjast
    • utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd

    https://www.udir.no/lk20/saf01-04/kompetansemaal-og-vurdering/kv147?lang=nno

    KRLE, LK20, etter 10. trinn

    Forslag til kjerneelement:

    • utforsking av eksistensielle spørsmål og svar
    • kunne ta andre sitt perspektiv
    • etisk refleksjon

    https://www.udir.no/lk20/rle01-03/om-faget/kjerneelementer

    Forslag til kompetansemål:

    • identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillingar knytte til menneskerettar, berekraft og fattigdom
    • bruke og drøfte fagomgrep om religionar og livssyn
    • utforske andre sitt perspektiv og handtere usemje og meiningsbryting

    https://www.udir.no/lk20/rle01-03/kompetansemaal-og-vurdering/kv178