Korleis kan ein arbeide målretta med språket i elevtekstar?

Dette undervisningsopplegget syner korleis ein kan arbeide med språket i elevtekstane, og det kan brukast i alle tekstar elevane skal skrive.

Fagleg ansvarleg ved Nynorsksenteret: Marit Wadsten

Mål: Målet med dette opplegget er at elevane skal kommunisere og diskutere språklege utfordringar medan dei skriv. Eit delmål er å arbeide med fagomgrep og drøfte fagspråk ved å samanlikne fagord på ulike språk. Det same kan ein gjere med mykje brukte frasar og tekstbindarar. Korleis skriv vi fagomgrepa, frasane og tekstbindarane på nynorsk? Og korleis skriv vi dei på bokmål? Korleis kan du som er lærar, legge til rette for ei slik samanliknande undervisning?

Eideressurs1

Framgangsmåte

Denne framgangsmåten kan brukast i samband med alle slags tekstar elevane skal skrive. Læraren må sjølvsagt gå rundt og rettleie og kome med hjelp og innspel undervegs i prosessen.
 

Første steg

  1. Elevane skriv på teksten sin samanhengande i 10–15 minutt, kvar for seg, etter at dei har laga problemstilling. Rammene for skrivinga er avklarte på førehand.
  2. Lat elevane jobbe to og to som læringspartnarar. Be dei om å stoppe og markere i sin eigen tekst kva for språklege fenomen dei lurte på medan dei skreiv.
  3. Be dei om å diskutere med parkameraten kva dei lurte på. Deretter kan kameraten eventuelt kome med fleire kommentarar og spørsmål om språket i elevteksten.
  4. Be elevane om å setje namn på kva språkleg kategori problema høyrer til:
    1. Rettskriving
    2. Bøying
    3. Uttrykksmåte/frase
    4. Samanblanding av bokmål og nynorsk

Andre steg

  1. Be elevane skrive vidare i 10–15 minutt
  2. Be dei stoppe og markere omgrep, frasar og uttrykk dei har brukt for å binde saman teksten. Vis døme på tavla på tekstbindarar og be elevane markere eigne tekstbindarar eller tekstbindarar i teksten til den andre. Her kan du gjerne dele ut og ta utgangspunkt i denne frasesamlinga: Nynorsk frasesamling (PDF)
  3. Lat dei lese avsnittet for kvarandre og diskutere om ein kan bruke dei same omgrepa og frasane på nynorsk som på bokmål. Samanlikne nynorske omgrep og frasar med tilsvarande omgrep og frasar på bokmål. Ta nokre som er ganske like og nokre som er ulike, der ein må skrive om. Bruk gjerne to-kolonneskjema der du skriv opp nynorske omgrep og frasar i den eine kolonnen og det tilsvarande omgrepet/frasen på bokmål i den andre.

Tredje steg

Å skrive teksten ferdig heime eller på skulen. Formelle krav må vere avklarte på førehand: Tekststorleik, overskrift, illustrasjonsfoto, kjelder osv.

Ressursar til læraren

Ressursar til elevane

Filmar

Undervisningsfilm frå Eide ungdomsskole om å arbeide med språket i elevtekstane: I denne filmen kan du få tips til korleis ein kan arbeide med språket i elevtekstar. Lærar Ingebjørg Eide på Eide ungdomsskole på Nordmøre har lagt opp til at elevane på 10. trinn har jobba i heil klasse og i par med å finpusse språket i tekstane sine. Dei har brukt fire faste kategoriar i dette arbeidet. Desse kategoriane var rettskriving, bøying, uttrykksmåte/frase og samanblanding av bokmål og nynorsk (jamfør dei fire underpunkta i punkt 4 i første steg i framgangsmåten over).

Her kommenterer førsteamanuensis Kristin Kibsgaard Sjøhelle frå Høgskulen i Volda bruk av metoden språkbad, eller språkdusj som Kristin snakkar om, i sidemålsundervisninga ved Eide ungdomsskole.

Kompetanse- og læringsmål

LK20. Kompetansemål etter 10. trinn:

  • skrive tekster med funksjonell tekstbinding og riktig tegnsetting og mestre rettskriving og ordbøying på hovedmål og sidemål
  • bruke fagspråk og kunnskap om grammatikk, tekststruktur og sjanger i samtale om og bearbeiding av tekster

www.udir.no

Læringsmål:

  • Kunne skrive ein fagartikkel med sjangertypiske trekk der dei nyttar relevant nynorsk fagspråk i teksten.
  • Kunne samarbeide, gje og ta i mot rettleiing. Denne læringssituasjonen gjer elevane merksame på at dei til saman har utvida både fagleg og språkleg kompetanse.

Takk

Dette opplegget er inspirert av arbeidet som lærar Ingebjørg Eide har gjort ved Eide ungdomsskole. Dei ulike stega i «arbeid med språket» byggjer på eit opplegg som Gudrun Kløve Juuhl og Ingrid Slettevoll ved Nynorsksenteret har utvikla tidlegare. Førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, Kristin Kibsgaard Sjøhelle, har kommentert undervisningsopplegget frå Eide ungdomsskole. Tusen takk!