Nynorsk + samfunnsfag = sant
21.03.2019
Tidlegare las og skreiv elevane ved Eide ungdomsskole for lite nynorsk til å bli skikkeleg gode. Det ville lærar Ingebjørg Eide gjere noko med.
Tekst og foto: Ingvild Myklebust Hovden
I Eide kommune på Nordmøre er det bokmål som er hovudmål i skulen. Dei fleste elevane kjem lite i kontakt med nynorsk i dagleglivet sitt. Det var bakgrunnen for at lærar Ingebjørg Eide søkte Noregs Mållag om stipend i fjor. Det vart brukt til å kjøpe inn nye samfunnsfagbøker på nynorsk som har vore brukte dette skuleåret i klasse 10A.
– Målet er å gje elevane mine auka tilgangskompetanse i det norske samfunnet som har to likestilte målformer, seier lærar Ingebjørg Eide.
Då ho fekk stipendet til prosjektet, tok Ingebjørg Eide kontakt med Nynorsksenteret. Marit Wadsten har vore rettleiar undervegs. I tillegg har fleire frå Nynorsksenteret vore på Eide og hatt faglege innlegg for lærarane i kommunen og nabokommunen.
Elevane meistrar
Inntil ganske nyleg hadde Eide ungdomsskole ikkje byrja med nynorskundervisning før elevane gjekk på 9. trinn.
– Elevane las og skreiv for lite nynorsk til å bli skikkeleg gode. Tanken min bak dette prosjektet er at elevane i større grad skal møte nynorsk i andre fag og dermed auke tekst- og skrivekompetansen sin, forklarer Ingebjørg Eide.
– Korleis er elevane si innstilling til nynorsk no?
– Dei aller, aller fleste elevane har opplevd meistring – dei meistrar nynorsk. Det er ikkje alle som skriv korrekt nynorsk, men det å starte og skrive ein tekst på nynorsk no er ikkje noko problem. Elevar som i utgangspunktet var litt negative, ser kor dei har utvikla seg og ser kva dei meistrar i dag. Innstillinga er så fin, den er så positiv, synest ho.
Elevane går mellom anna gjennom tekstane sine saman med ein medelev og ser spesielt på fire punkt: Rettskriving, bøying, uttrykksmåte/frase og samanblanding av bokmål og nynorsk.
– Trur du at elevane har fått betre kompetanse i nynorsk?
– Ja, det trur eg absolutt! Vi ser på dei fire punkta, og elevane er bevisste når dei skriv. Dei smakar på orda og setningane. Dei har eit metaspråk om nynorsken, seier ho.
Elevane samarbeider
Ingebjørg Eide trur elevane vert mykje meir bevisste på språket sitt både på bokmål og nynorsk. Dei jobbar i par, går gjennom tekstane saman og bruker den digitale ordboka aktivt i arbeidet.
– Dei lærer seg å opne tekstane for kvarande slik at dei vert merksame på dei små detaljane. Samstundes lærer dei at nynorsk er eit bruksspråk, og eg håper på at dei på sikt skal kunne veksle mellom bokmål og nynorsk på ein heilt uproblematisk måte, seier Ingebjørg.
– Korleis har elevane sin kompetanse i nynorsk utvikla seg frå oppstarten og fram til no?
– Alle saman har hatt fin utvikling. No skriv og les dei så lett på nynorsk. Dei har verkeleg fått tak på det. Mange av dei kvidde seg veldig til å starte med samfunnsfaglærebok på nynorsk, men etter ei lita stund tenkte dei ikkje over at det var nynorsk lenger, seier ho.
Lærerikt
Iver Leirmo Nås er elev i 10A ved Eide ungdomsskole. Han var litt spent før dei byrja med lærebok på nynorsk.
– Eg trudde det skulle bli ei utfordring, for det er to ulike skriftspråk, men no har eg oppdaga at det ikkje er så stor skilnad. Når eg skal gjere samfunnsfaglekse, tenkjer eg ikkje over at det er nynorsk. Eg har lært at bokmål og nynorsk er nærmare kvarandre enn vi trur, seier Iver.
Isak Storvik Smørholm som går i same klasse, trudde det kom til å bli både utfordrande og interessant.
– Det vart litt artigare å lese fordi det ikkje blir så repeterande som når ein berre les bokmål. Det har vore utfordrande å forstå nokre av orda, men samstundes har det vore artig å finne ut kva dei tyder. Eg har lært mykje nynorsk, ulike nynorske ord og fagomgrep, fortel Isak.
Bør starte før
I læreplanen står det at på 1. og 2. trinn skal elevane bli lesne for på bokmål og nynorsk. På 3. og 4. trinn skal dei sjølv lese ulike typar tekstar på bokmål og nynorsk. I kompetansemåla etter 7. trinn står det at elevane skal kunne lese eit breitt utval norske og omsette tekstar i ulike sjangrar på bokmål og nynorsk. Dei skal kunne reflektere over innhald og form i teksten. Det er også eit mål at elevane skal kunne eksperimentere med skriving av enkle tekstar på sidemålet.
– Hadde barneskulen vektlagt det, så ville overgangen til oppstarten med nynorsken på 8. trinn vore mykje lettare. Det er også viktig at ungdomsskulen startar på 8. trinn og tenkjer ei lik timefordeling mellom bokmål og nynorsk i dei områda der det er bokmål som hovudmål, meiner Ingebjørg Eide.