Skriv to bøker i året
31.10.2025
 
          Anders Totland styrer ikkje unna eit einaste tema – verken i fakta eller fiksjon. Han skriv i eit forrykande tempo, både for barn, ungdom og vaksne. Hans skriv gjerne om sjukdom og død, og han likar å tøyse med prestar.
Tekst: Heidi Fagna
Foto: Atle Helland
Anders Totland er ein av våre mest produktive forfattarar. I det han rundar ti år som forfattar, har han gitt ut heile 18 bøker. Dei fleste er hjå Gyldendal og Samlaget, men han har også bøker hjå Skald, Kapabel og Vigmostad & Bjørke.
Anders Totland debuterte som forfattar i 2015 med biletboka Vampyrane i eplehagen. Dette er ei humoristisk bok om kampen mellom den gode presten som eig eplehagen, og dei rampete vampyrnaboane som stel epla hans.
I 2016 kom romanen Engel i snøen. Me forstår litt etter litt at me er på barneavdelinga på eit sjukehus, og at hovudpersonen (utan namn, alder og kjønn) har vore der lenge. Og så mykje meir får me ikkje vite. Den stillfarne boka har slått godt an, både i Den kulturelle skulesekken og hjå bokjuryar. Boka fekk Nynorsk barnelitteraturpris i 2016, og i 2019 blei boka kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000.
Ungdomsbøker med vonde tema
Totland har skrive tre ungdomsromanar med tydelege og harde tematikkar:
- I Så lenge ingen ser oss (2017) møter me Jon. Han får ein ny stefar, og stefaren forgrip seg på Jon.
- I Nedteljing (2018) møter me Viggo, som vert lurt av ei dame på internett til å kle av seg og masturbere framfor kamera.
- I Blindsone (2021) møter me 16 år gamle Sanne, som er i eit miljø der dei køyrer altfor fort og gjerne rusa.
– Eg skriv ikkje bøker med moral. Nokon kan sikkert lese desse bøkene slik, men eg vil først og fremst lage gode leseopplevingar. Eg prøver å skrive fram ekte liv, som lesaren kan kjenne seg igjen i, seier Anders Totland i podkasten Bakom boka.
Og det tek oss gjennom ein ny sving og over til ei heilt anna leseoppleving:
Ut i rommet (2019) er Totland sitt bidrag til Leseland, Samlaget sin serie for nye lesarar. Her møter me Alva, som vil verte astronaut. Med få ord har han laga ei spennande forteljing som tek oss heilt til månen.
 
  Faktabøker for ungdom
I 2018–2022 følgde fem faktabøker for ungdom. Tematikken spriker, men stilen er den same: Gjennom enkeltskjebnar får me vite noko om vår eiga historie. Bøkene er spennande, lærerike og tidvis brutale.
- Den norske slavehandelen (2018) lærer oss om rolla til nordmenn i Danmark-Noreg sine bidrag i slavehandelen frå Afrika til Amerika.
- Nattmannen (2019) fortel om nattmennene, som hadde ansvaret for å tømme dobøtter, fjerne daude dyr og rydde vekk avretta lik frå galgen.
- Lepra (2020) handlar om infeksjonssjukdommen lepra, som øydela og tok mange liv i Noreg fram til første del av 1900-talet.
- Pest og plage. Verdas verste pandemiar (2021) tek for seg mange alvorlege og livstrugande sjukdommar: lepra, koppar, svartedauden, kolera, tuberkulose, spanskesjuka, polio, HIV, influensa og Covid-19.
- Norske sjørøvarar (2022) handlar om sjørøvarar langs norskekysten i ei tid der ein kunne få kaper-brev, og dermed plyndre skip med løyve frå kongen.
 
  Skjønnlitteratur med alvor og humor
Frå 2022 har Anders Totland vore tilbake i det skjønnlitterære universet.
I 2024 kom boka Gunnars rekordbok, som passar for barn frå rundt 10 år. Her møter me Gunnar, som bur åleine med faren etter at mora døydde. Heldigvis har han den gode venen Sivert i nabohuset. Gunnar er ein smart og beskjeden gut. Han skriv Gunnars rekordbok, ei slags dagbok der han fører opp alt han liker med folka rundt seg.
Mamma på dass kom i 2025. Me møter Ella som gler seg til å lage konto på sosiale medium når ho no vert 13 år, men ho får rett og slett sjokk. Ella oppdagar at mora har utlevert barndommen hennar til eit stort publikum på Internett, med brukarnamnet Miss Kardashian Norway. Ella og venen Omar bestemmer seg for å ta hemn. Temaet er alvorleg, men boka har også mykje humor.
Anders Totland har også skrive for vaksne i fleire sjangrar. To av dei er elleville og burleske rølperomanar som kan passe godt i vidaregåande skule: Til jord skal du bli (2022) og Til døden skil oss (2024). Dei handlar om den pensjonerte presten Jakob Juul, som sel heimebrent sprit og slumpar til å verte drapsmann.