Femlinjersdikt

Å be elevane skrive dikt kan vere ei utfordring, men å skrive eit dikt på fem verselinjer etter ei fastlagd oppskrift får dei fleste elevane til. Dette kan vere ei fin skriveoppgåve fordi det ikkje er ein lang tekst elevane skal skrive, men dei kan eksperimentere og leike seg med ord på nynorsk. Det kan sjølvsagt vere vanskeleg for nokre å komme i gang, derfor kan det vere lurt å ha ei idémyldring om kva tema ein kan skrive om. Dersom ein held på med eit emne i klassen, kan det vere emneordet for alle elevane. Elevane bør også få sjå døme på slike dikt før dei sjølv skal skrive.

Ein kan også bruke denne oppskrifta i ei rundskriving. Elevane bør vere fem på gruppa, først skriv alle den første linja, emneordet. Så sender ein vidare til neste elev. I løpet av ein runde har alle fått skrive kvar av linjene i oppskrifta ein gong.

Femlinjersdikt etter oppskrift:

  1. Første linje: Eit ord som viser eit emne/eit tema
  2. Andre linje: To ord som skildrar emnet du har valt
  3. Tredje linje: Tre ord som skildrar ei handling
  4. Fjerde linje: Fire ord som skildrar ei stemning eller ei kjensle
  5. Femte linje: Lik første linje

Døme på femlinjersdikt

Epleslang
Haust, kveld
Strekker på tå
Kiler litt i magen
Epleslang

WOW!
Du altså!
Dette blir spennande!
Får eg det til?
WOW!

Morgon
Varm dyne
Stikk foten ut
Gåsehud på leggen min
Morgon

Olm
Mørk, trugande
Skuler mot verda
Vil helst ikkje vera
Olm

Vente
Vanskeleg, vaktande
Gøyme seg stille
Usynleg, uhøyrleg, håper ho
Vente

Rydding
Ryddar du?
Etter deg sjølv
og stundom etter andre?
Rydding

Stikk
Svermande sommarliv
Von, jente, hjartebank
Heilt til ho svarar
Stikk!