Nynorske skriveoppgåver for sommarvarme klasserom

Er du på jakt etter motiverande nynorske skriveoppgåver som elevane kan arbeide med før sommarferien? I dette oppgåvesettet kan elevane velje mellom ulike typar sommaraktuelle skriveoppgåver. Dei kan for eksempel planlegge draumereisa si, lage sin eigen sommarbingo, eller skildre den optimale sommardagen. Alle oppgåvene finn du i denne presentasjonen. Legg merke til at fila kan redigerast, og at elevane kan skrive tekstane sine direkte i presentasjonen dersom dei lastar han ned. Minn elevane om å skrive på nynorsk, og oppmod dei til å bruke ordboka undervegs i skrivinga.