Godt nytt år!

Samtale- og skriveoppgåver om 2021 og 2022

Kjære 2021 – skriveramme (docx)

I januar passar det å setje av tid til å reflektere over året som har gått, og det nye året som ventar. I dette læringsopplegget for 8.–10. trinn finn du samtale- og skriveoppgåver som fremjar refleksjon og ettertanke, og som er lette å ta i bruk i klasserommet.

I norskfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å utvikle elevane sine evner til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg. Når elevane gjev uttrykk for sine eigne kjensler, tankar og erfaringar, kan det verke styrkande inn mot å handtere relasjonar og delta i fellesskap. Overgangen til eit nytt år er eit naturleg utgangspunkt for å reflektere over hendingar og opplevingar og uttrykkje tankar munnleg og skriftleg.

Skriveoppgåvene i læringsopplegget er korte og gir god skrivestøtte til elevane.