Kjøtfri middag – å dekonstruera modelltekst

Av Gudrun Kløve Juuhl

Ein viktig del av arbeidet med argumenterande skriving handlar om at elevane byggjer opp sine eigen kunnskap ved å dekonstruera modelltekstar. Elevar treng kunnskap både om kva som er (gode og dårlege) argument, og kva slags ulike handlingar me kan gjera når me argumenterer, og kva slags frasar som kan hjelpa oss med dette.

Her skal me sjå på korleis skribent Siri Helle brukar ulike frasar for å gjera ulike handlingar i argumentasjonen i teksten Kjøtfri middag.

Kjøtfri middag (PDF)

Kjotfri

Om teksten

«Kjøtfri middag» er ein tekst som står i avisa Dag og Tid. Teksten høyrer til ei fast spalte, «Frå matfatet», som kvar gong fylgjer same oppskrift: Siri Helle samanliknar to matvarer ut frå miljøomsyn og kva som har størst innhald av naturlege råvarer, samanlikna med prisen. Kvar gong vert det kåra ein vinnar og ein tapar. Dette er altså ein argumenterande tekst med eit klårt prosjekt: å samanlikna to matvarer, og argumentera for kvifor den eine er betre enn den andre. Dette gjer det overkomeleg for elevar å identifisera konklusjon og argument i teksten – i alle fall er det overkomeleg dersom ein har arbeidd i fellesskap med ein tekst, og så får elevane arbeida sjølve med ein annan tekst frå same spalta.

I denne argumenterande teksten har me ein synleg skribent. Det ser me mellom anna av at ho brukar pronomenet «eg» mykje. I nokre skulefag rår eit ideal om at skribenten i ein argumenterande tekst skal vera lite synleg (dette gjeld kanskje særleg naturfag), medan i andre fag er det rom for at skribenten er meir tydeleg til stades i teksten. Dette gjeld til dømes bokomtalen/-meldinga i norsk, og det kan vera eit ideal i ulike tekstar i fag som RLE og samfunnsfag. I kva samanhengar det passar å bruka «eg» og ikkje i ein argumenterande tekst, kan også vera eit tema for diskusjon i klassen.

Om dekonstruksjonen

I denne ressursen har me lagt vekt på å henta ut frasar som let oss gjera ulike argumentative handlingar. Å arbeida med å identifisera argument (i denne eller ein liknande tekst) vil vera eit naturleg førearbeid.

Målet er at elevane skal sjå nyttige formuleringar i teksten, og kva argumentative delhandlingar dei kan brukast til. Dette kan ein gjera anten ved at læraren modellerer og syner fram døme på formuleringar og forklarar kva ein kan bruka dei til, ved at elevane arbeider i par/grupper og les gjennom teksten, eller ved ein kombinasjon av modellerering og elevarbeid.

Oppgåva er:

Kva formuleringar kan me finna i denne teksten som kan brukast til å:

  • markera at noko er eit synspunkt eller ei utsegn som kan diskuterast (og ikkje fakta)
  • markera eigen posisjon i høve til ei utsegn
  • markera at ein er delvis samd, markera atterhald
  • syna fram si forståing eller fortolking av ein påstand eller opplysning
  • gje delvise innrømmingar til diskusjonspartnaren
  • peika på overordna semje og samstundes markera kvar grensene for semja går
  • kontrastera
  • framheva
  • oppsummera og presentera konklusjonar
  • etablera felles plattform med lesaren