Lag digitale forteljingar

Illustrasjonsbilete til Jorid sin tekst Foto av Note Thanun Unsplash

Terje Torkildsen har på oppdrag for Nynorsksenteret skrive ei novelle for ungdomar: Heime-aleine-fest. I dette læringsopplegget skal elevane skrive vidare på novella til Torkildsen gjennom tre skriveoppdrag og lage tilhøyrande digitale forteljingar. I 2021 gjennomførte Nynorsksenteret eit tekstskapingsprosjekt på Instagram der mange skuleklasser deltok. I tilknyting til prosjektet Tekstskaping på Instagram oppretta Nynorsksenteret ein instagramkonto der elevforteljingane vart publiserte. Klikk deg inn på nynorsksenteret_tekstskaping, og bruk gjerne videoane for å inspirere og motivere elevane til å arbeide med novella. Oppgåvebestillingane til elevane står enkelt forklarte i presentasjonane som du finn på denne sida.

Elevane kan bruke mange ulike redigeringsappar når dei skal visualisere forteljingane sine. To gratisappar som er lette å bruke, er InShot og CapCut.

Fyrste oppdrag

Her finn du fyrste del av novella, eit tekstoppdrag og ulike støttespørsmål.

Dersom maskina di ikkje greier å vise PowerPoint-presentasjonen rett, kan du laste ned presentasjonen som PDF i staden.

Dersom du vil sende lydfila til elevane, kan du sende dei denne peikaren: https://soundcloud.com/nynorsksenteret/heime-aleine-fest-del-1

Andre oppdrag

Her finn du andre del av novella, eit nytt tekstoppdrag og ulike støttespørsmål.

Dersom maskina di ikkje greier å vise PowerPoint-presentasjonen rett, kan du laste ned presentasjonen som PDF i staden.

Dersom du vil sende lydfila til elevane, kan du sende dei denne peikaren: https://soundcloud.com/nynorsksenteret/heime-aleine-fest-del-2

Tredje oppdrag

Her finn du tredje del av novella, eit nytt tekstoppdrag og ulike støttespørsmål.

Dersom maskina di ikkje greier å vise PowerPoint-presentasjonen rett, kan du laste ned presentasjonen som PDF i staden.

Dersom du vil sende lydfila til elevane, kan du sende dei denne peikaren: https://soundcloud.com/nynorsksenteret/heime-aleine-fest-del-3

Slutten av novella og støttespørsmål

Her finn du slutten av novella og støttespørsmål til elevane.

Dersom maskina di ikkje greier å vise PowerPoint-presentasjonen rett, kan du laste ned presentasjonen som PDF i staden.

Dersom du vil sende lydfila til elevane, kan du sende dei denne peikaren: https://soundcloud.com/nynorsksenteret/heime-aleine-fest-del-4

Les heile novella

Heile novella: Heime-aleine-fest (docx)