• Blogg
  • Mange skaper tekst på Instagram

Mange skaper tekst på Instagram

06.09.2021

Illustrasjon Instagram til nettside

- Vi har fått fleire kjekke tilbakemeldingar frå lærarar på tekstskapingsprosjektet, og har mottatt mange flotte elevbidrag, seier Jorid Saure ved Nynorsksenteret. Framover blir eit utval av dei digitale forteljingane publiserte på Instagram-kontoen nynorsksenteret_tekstskriving.

- Når eleven utvidar den skriftlege teksten sin til å bli ei digital forteljing, får han ei ny erfaring i kva tekstskaping er. Altfor mange elevtekstar blir liggjande på ein harddisk eller i ei skrivebok. Spranget mellom å skrive og visualisere, fremjar ei utforskande tilnærming til skriving som vi håpar motiverer og inspirerer elevane, fortel Jorid. Ho trur det er viktig at elevane får skrive og uttrykke seg på nynorsk i mange ulike kontekstar, også digitale. Difor er det så ekstra kjekt at så mange elevar frå ulike ungdomsskular og vidaregåande skular har arbeidd med tekstskapingsprosjektet til Nynorsksenteret.

Forfattar Terje Torkildsen har skrive ei heilt ny novelle, «Heime-aleine-fest», som er utgangspunkt for prosjektet. Elevane skal gjennom tre skriveoppdrag skrive vidare på utdrag frå denne novella. Tekstane dei skriv, skal dei formgje med lyd, bilete og korte filmsnuttar, slik at teksten kan formidlast som ei digital forteljing på Instagram.

Gjennom tre måndagar i oktober og november (25.10., 8.11. og 15.11.) får elevane tilgang til delar av ei heilt ny novelle av Terje Torkildsen. Oppgåva er at elevane skal skrive vidare på novella og visualisere ho gjennom bilete, film og musikk.

Elevane får nytt tekstoppdrag i starten av kvar veke, og klassene sender inn bidraga sine til Nynorsksenteret. Kvar veke vel vi ut elevbidrag som vi publiserer på Instagram-kontoen vår. Eit viktig føremål med læringsopplegget er å utfordre elevane til å vere kreative og tenkje over korleis levande bilete, tekstutdrag og musikk kan formidle ei forteljing. Elevane våre er godt kjende med sosiale medium som formidlingskanal, og dagleg kommuniserer dei med kvarandre gjennom samansette tekstar. Ved å spele på den digitale kompetansen som elevane allereie har, ønskjer vi å motivere elevane til arbeide med nynorsk tekstskaping i skulen på ein ny og annleis måte.

Om forfattaren

Terje Torkildsen er blant dei mest populære ungdomsbokforfattarane i Noreg, og den einaste forfattaren som har vunne U-prisen to gonger. Han er utdanna norsklektor og har arbeidd som lærar på alle nivå i skulen. Han har også mange års erfaring som standup-komikar og nyttar mykje humor i bøkene sine. Bøkene hans har fått gode kritikkar, både av litteraturmeldarar og av ungdommane sjølve. På nynorskbok.no kan du lese meir om Stavanger Stories 1 og 2, Isla Bonita, Arrfjes og andre bøker Torkildsen har skrive.

Terje Torkildsen til nettside
Forfattar Terje Torkildsen (Foto: Marius Vervik)

Påmelding

Om du melder klassa di på prosjektet, får du tilgang til ein ny del av novella saman med tekstoppdraget før det vert publisert på nettsida til Nynorsksenteret. Du får også tilgang til lydfil av novelledelen som du kan spele av i klasserommet. Tekstoppgåva og støttespørsmåla blir leverte som PowerPoint-fil slik at du enkelt kan presentere dei for elevane dine. Arbeidet legg til rette for både skriftlege og munnlege vurderingssituasjonar i norskfaget.

Her finn du meir informasjon om Instagram-prosjektet.