Skriv ei grøss-og-gru-historie sjølv

Inktober2016 0031 X3
Illustrasjon: Kim Holm

Dokker kan gjerne bruke setningsstartarar, enten kan dokker lage dei saman i klassen, eller dokker kan bruke ein av desse:

  • Det knaka iltert i golvplankane i naustet, i det same gjekk lyset.
  • Var det verkeleg eit lysande auge ho skimta bak døra?
  • Den svarte polyester-tightsen klistra seg klamt og kjølig til låra hennar då ho ….
  • Skodda låg skuldertungt på tredje veka i den vesle småbyen, …
  • Hald kjeft, Martin! Det kjem nokon!
  • Du vil kan henda ikkje tru på det eg no skal skriva, men kvart eit ord er sant.
  • Ho skalv då ho vreid rundt nøkkelen i døra til den gamle hytta i skogkanten. Ho opna døra sakte. Ein søtleg stank slo mot henne, og ho tok raskt eit steg tilbake.
  • Lovise fann seg sjølv sitjande samankrøkt under den smale trappa opp til loftet, medan det romsterte der oppe. Ho måtte ha svima av ei lita stund. Ho kjende pulsen dunke hardt og vilt.
  • Han hadde ikkje trudd det var slik det skulle kjennast. Å køyre ein kniv inn i menneskekjøt.
  • Stilla var det verste. Dei visste at han kom att, berre ikkje når det skulle skje.
  • Åse veit ho burde snu før ho kom til den gamle ruinen, men …

Ordbank

Saman med elevane kan dokker lage ei liste med ord som kan gjere ei historie skummel. Bruk så mange av desse orda dokker vil, når dokker skal skrive sjølv. Her kjem nokre døme henta frå romanane:

Frå Død eller levande: nifst, varsel, vondskap, gjenferd, uroa, ubehageleg, framand, gufs, sorg, iskaldt, taus type, skuggefylt, skuggar, krafsande klør, stivnar, likbleik, tussmørke, skodde, kaldblodig, sug i magen, knurring og lamma.

Frå Den andre søstera: rusten, knirkar, rasling, døra slår, svimmel, tørr i munnen, skjelv på hendene, kvelast, pustevanskar, skritt, oppløysing, iskald død, andpusten, knoklar og bein.