Lesing og skriving i samfunnsfag
Filmen «Lesing og skriving i samfunnsfag på 10. trinn» syner eit metodisk undervisningsopplegg der elevane skal skrive ein artikkel om bærekraftig utvikling. Opplegget syner korleis ein kan arbeide grundig og systematisk med lese- og skriveopplæringa heile vegen frå før elevane startar å skrive til det ferdige produktet er klart. Før skrivinga kjem i gang, handlar det om å lese systematisk for å tileigne seg kunnskapar, om å notere effektivt medan ein les, arbeide med omgrep og om å arbeide med modelltekstar. Sentralt i oppbygginga av elevtekstane står bruk av avsnittsskjema og tema- og kommentarsetningar. Læraren syner korleis ein kan gi elevane hjelp og støtte undervegs i heile skriveprosessen og korleis vurderingskriteria, som er kjende for elevane på førehand, dannar grunnlag for vurdering på ferdig produkt både i norsk og samfunnsfag.