Bli-kjend-skriving på 8. trinn
Når elevane startar på 8. trinn, er det viktig å gje dei positive erfaringar med å skrive på nynorsk. I denne skriveoppgåva skal elevane presentere seg sjølv skriftleg og øve på å bruke nokre av dei mest vanlege personlege pronomena på nynorsk.
Start økta med å la elevane jobbe med eit samanlikningsskjema som viser forskjellane mellom dei personlege pronomena på nynorsk og bokmål. Elevane skal også samanlikne pronomena dei bruker i talemålet sitt, med pronomena dei møter i skriftspråka nynorsk og bokmål. Du finn samanlikningsskjemaet og tilhøyrande småoppgåver her: Personlege pronomen.
Bygg også inn ei økt der elevane får øve på å etterstille eigedomsord i frasar som faren min, mora mi, søstera mi, broren min, venninna mi, huset mitt, osb. På sida til NDLA finn de eksempel på små øvingsoppgåver som elevane kan gjere før dei skriv eigen tekst. Set av tid til å gje eleven framovermelding undervegs i skrivearbeidet, men ha hovudvekt på dei personlege pronomena og dei etterstilte eigedomsorda. Eleven kan presentere den skriftlege oppgåva munnleg, anten framføre klassa eller gjennom ei digital innlevering til lærar.
Skriveoppgåve til eleven
Lag ei tidslinje over deg sjølv og livet ditt. Ta utgangspunkt i bilete av personar eller ting som symboliserer noko viktig for deg. Det kan vere ein sentral augneblink, ein spesiell periode eller ulike hendingar som har forma deg, og skriv ein forklaringstekst til bileta. Tips: Skriv bileta og teksten direkte inn i ein presentasjon. Sjå denne eksempelteksten for tips til korleis du kan gå fram. Pass på at du skriv dei personlege pronomena i nynorsk korrekt, og at du etterstiller eigedomspronomenet, slik du har øvd på.