Rykte – identitet og livsutforsking

Rykter

Denne ressursen tek utgangspunkt i NRK-ungdomsserien Rykter. Serien set søkjelyset på fleire relevante problemstillingar kring det å vere tenåring. Gjennom å bruke læringsopplegget får elevane arbeide med spørsmål knytte til ryktespreiing, identitet, gruppepress, sosiale medium og venskap, samstundes som dei må lese og skrive nynorsk over ein lengre periode.

Læringsressursen tek utgangspunkt i sentrale tema innanfor det tverrgåande temaet folkehelse og livsmeistring, samstundes som han fremjar fleire av kompetansemåla i norskfaget.

Stripe
  • Læreplan i norsk, kompetansemål 10. trinn
    • informere, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål tilpassa mottakar og medium
    • skrive tekstar med funksjonell tekstbinding og riktig teiknsetjing og meistre rettskriving og ordbøying på hovudmål og sidemål
    • utforske og reflektere over korleis tekstar framstiller livssituasjonen til unge
    • kjenne att og bruke språklege verkemiddel og retoriske appellformer
    • utforske og vurdere korleis digitale medium påverkar og endrar språk og kommunikasjon
    • bruke fagspråk og argumentere sakleg i diskusjonar, samtalar, munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar om norskfaglege og tverrfaglege tema
    • bruke fagspråk og kunnskap om grammatikk, tekststruktur og sjanger i samtale om og vidare arbeid med tekstar
    • uttrykkje seg i ulike sjangrar og eksperimentere med sjangrar på kreative måtar

Bygdeungdomar som snakkar dialekt

Ungdomsserien Rykter har ein tydeleg vestlandsprofil. Handlinga er lagd til eit ruralt bygdesamfunn, og fleire av skodespelarane har eit nynorsknært talemål. Det er eit poeng å vise fram ungdomar som snakkar dialekt og som bur utanfor storbyen. Elevane i distrikta kan kjenne seg att, og byungdomen får sjå kor mykje dei deler med tenåringane utanfor bygrensene. Serien er teksta på nynorsk, og gjennom å arbeide med dei ulike skriveoppgåvene får elevane mengdetrening i å skrive nynorsk.

Korleis kan arbeidet med serien Rykter brukast i nynorskopplæringa?

  • Bygg inn små økter med eksplisitt språkopplæring i forkant av skriveøktene. Skal språkopplæringa ha overføringsverdi til skrivekompetansen til elevane, er det viktig at ho vert integrert og kopla på skrivinga til elevane.
  • La elevane lære og ta i bruk grammatiske omgrep når dei arbeider med oppgåvene. Om elevane skal skrive ei historie i notid, er det til dømes viktig at dei kjenner til kva slags verbtid det viser til, og korleis dei finn fram til bøyinga av verbet.
  • Samanlikn nynorsk med bokmål undervegs i arbeidet. Når elevane må kontrastere dei to språksystema opp mot kvarandre, kan det bli enklare å hugse dei språklege kjennetrekka. Elevane vert betre i både nynorsk og bokmål ved å samanlikne språka.
  • Gi korte framovermeldingar medan eleven skriv, til dømes eitt punkt som går på innhald og eitt punkt som går på språk og rettskriving. Slik gir du eleven høve til å betre teksten undervegs i skrivinga, og det verkar læringsfremjande.

Tips til mappevurdering i nynorsk

Gjennom arbeidet med serien skal elevane utforme ei rekkje korte og lengre tekstar på nynorsk. Det kan vere lurt å lage ei eiga skrivemappe for kvar elev som du kallar «Nynorskmappa». La nynorskmappa utgjere ein del av vurderingsgrunnlaget i nynorsk, anten eleven har det som sidemål eller hovudmål. Ved semesterslutt ber du elevane bruke mappetekstane sine til å reflektere over den språklege utviklinga si. Kva har dei blitt flinkare til når det gjeld å skrive nynorsk? Kva meistrar dei no, som dei ikkje gjorde før? Elevane som har nynorsk som hovudmål, er på eit anna kompetansenivå enn elevane som har nynorsk som sidemål, men dei kan likevel seie noko om kva dei har blitt betre til.

Kjelde

Eiksund, H., Kløve Juuhl, G., Kibsgaard Sjøhelle, K. 2022: Nynorskdidaktikk. Samlaget

NB: Brukar du ressursen, blir vi veldig glade om du gir ei tilbakemelding i dette skjemaet.