Halloween på nynorsk

Pepar Halloween
Illustrasjon: David Revoy, www.davidrevoy.com. Fargar ved Nynorsksenteret

I denne ressursen har vi samla ulike oppgåver og tips til litteratur i samband med halloween:

  • Kreativ skriveoppgåve
  • Arbeid med ordet halloween i ordboka
  • Tips til litteratur
  • To saker frå framtida.no med tips til sminke og kostyme til halloween

Kreativ skriveoppgåve

Her finn du ei kreativ skriveoppgåve der elevane skal bruke alle sansane. Elevane kan skrive to og to eller aleine. Ei viktig målsetjing med oppgåva er å øve på å skildre.

Halloween i ordboka

Ordet halloween har stått i bokmålsordboka og nynorskordboka sidan 2017. I denne oppgåva får elevane samanlikne bøyingar og ordforklaringar på bokmål og nynorsk i dei to ordbøkene.

Forslag til litteratur

Halloweenlesing 2
Frå Labolina til Svarte-Mathilda

Når det er innetid og lesetid, passar det bra med ein ekte grøssar. Me har samla nokre boktips for små barn, skulebarn og ungdomar. – Låg, middels og høg grad av grøss.

Gross Og Gru Utsnitt
Grøss og gru

Slik kan du ta i bruk Grøss og gru, ein serie med lettlesne spenningsbøker for ungdommar.

Skriv ei gross og gru forteljing
Skriv ei grøss-og-gru-historie sjølv

Her har vi samla setningsstartarar som klassen kan bruke for å lage eigne grøssarhistorier.

Bok paa 123 Reisa til verdas farlegaste land
Bok på 1-2-3: Reisa til verdas farlegaste land

Her finn du eit undervisningsopplegg til boka Reisa til verdas farlegaste land.

Heksejakt
Heksejakt og heksebrenning i Europa

Historikar og forfattar Aina Basso har skrive boka Heksejakt og heksebrenning i Europa om hekseprosessane i Noreg og Europa frå 1400 til 1700.

Sminke og utkledning

Nettavisa Framtida har laga ein artikkel og ein film om korleis ein kan sminke seg og kle seg ut til halloween.

Slik fiksar du halloween-sminka sjølv