Halloween i ordboka

Pumpolino Kim Holm

Ordet halloween har stått i bokmålsordboka og nynorskordboka sidan 2017. I denne oppgåva får elevane samanlikne bøyingar og ordforklaringar på bokmål og nynorsk i dei to ordbøkene.

Forslag til oppgåver:

  1. Start gjerne med å spørje elevane om dei trur ordet halloween står i ordboka. Kvifor trur dei det/kvifor ikkje?
  2. Gå inn på sida ordbokene.no og søk opp ordet halloween på begge målformer
  3. Spør elevane om kor lenge dei trur ordet har vore i ordboka? (sidan 2017). Kvifor har ordet blitt ein del av den norske ordboka, trur dei?
  4. Be elevane finne ut kva kjønn ordet er?
  5. Be elevane bøye halloween på nynorsk og bokmål. Kva er skilnadane på bøyingane?
  6. Be elevane lage seg eit tokolonneskjema der dei fører inn språklege ulikskapar i dei to ordbokartiklane:

Bokmål

Nynorsk

Sammentrekning
alle helgeners aften
flere
særlig
engelskspråklige
feiret
fra
tigger
godteri
man
setter
uthulte
utskårne
gresskar

samantrekking
alle helgenars aftan
fleire
særleg
engelskspråklege
feira
frå
tiggar
snop
ein
set
uthola
utskorne
graskar

Be elevane forklare dei språklege skilnadane i orda. Det kan til dømes vere:

  • Ulik substantivbøying (helgenars)
  • Diftong (fleire)
  • Ulik skrivemåte (samantrekking, aftan, særleg, engelskspråklege, frå, uthola, utskorne, graskar)
  • Ulike pronomen (ein)
  • Ulike ord (snop)
  • Ulik verbbøying (feira, tiggar, set)
Boris Dracul Kim Holm
Illustrasjon: Kim Holm

Tips til vidare arbeid

La elevane søke opp fleire ord på begge målformer i ordboka.

Forslag til ord dei kan søke opp:

  • Knask
  • Knep
  • Skjelett
  • Kostyme
  • Graskar
  • Vampyr
  • Heks
  • Djevel

Ein kan be elevane finne ut:

  • Kva ordklasse er ordet?
  • Kva kjønn har ordet?
  • Korleis bøyer ein ordet?
  • Frå kva land har ordet opphavet sitt?
  • Kva er likskapane/ulikskapane mellom ordforklaringane?

Omsetje frå bokmål til nynorsk

  • Leit fram denne teksten på Store norske leksikon: https://snl.no/halloween
  • Siste avsnittet i teksten heiter «Halloween i Norge». Teksten er på bokmål.
  • La elevane arbeide to og to med å omsetje teksten til nynorsk.