Heime – eit undervisningsopplegg om tilhøyrsle, identitet og språk

Illustrasjon til nettsida Unsplash olga nayda Dgdw Tb X54o U kvadrat

Kva er heime for deg? Dette spørsmålet går som ein raud tråd gjennom denne undervisningsressursen. Elevane må reflektere over kva som særmerkjer heimstaden deira, før dei vert nærare kjende med musikkvideoen og songteksten «Heime» av Synne Vo.

Gjennom å samanlikne talemålet sitt og teksten til Synne Vo som er skriven på Lesja-dialekt, med det nynorske skriftspråket, får elevane utforske språka. Kunnskapen dei tileignar seg undervegs i arbeidet, skal dei vise fram i ei avsluttande skriveoppgåve. Undervisningsopplegget er bygd opp av både munnlege og skriftlege oppgåver, og elevane får jobbe både åleine og i samarbeid med andre.

Læringsressursen er samla i ein presentasjon, slik at han er enkel å ta i bruk i klasserommet. I denne presentasjonen finn du eit oppgåvesett som heiter Skriveøving 2. Her ligg det forslag til tre eksamensrelevante skriveoppgåver som tek utgangspunkt i eit intervju med Synne Vo. I tilknyting til skriveoppgåvene finn de konkrete forslag til korleis elevane kan arbeide med å førebu skrivinga og vurdere eigne tekstar. I ressursen finn de også ei frasesamling som kan hjelpe elevane til å ordleggje seg på nynorsk.

Arbeidsarka som høyrer til dei ulike oppgåvene, finn du her:

Ressursen kan byggjast ut eller gjerast mindre etter eige ønske.

Læringsmål

  • å utforske likskapar og forskjellar mellom språka
  • å reflektere over korleis språk og identitet er knytt saman
  • å bruke fagkunnskapar om språk og grammatikk til å snakke om eigne og andre sine tekstar
  • å lese dagsaktuelle tekstar på nynorsk
  • å skrive resonnerande tekstar på nynorsk