Lag ein poesiverkstad!

Å engasjere elevane til å utforske språket kan påverke korleis dei opplever å skrive nynorsk. I denne undervisingsressursen finn du tips til korleis du kan inspirere elevane til å utfalde seg kreativt gjennom skrivinga. Eit anna delmål med arbeidet er å la elevane lese og bli kjende med den nynorske samtidslyrikken. 

Kenny eliason Ak5c5 V Tch5 E unsplash

I kjerneelementet Skriftleg tekstskaping står det at elevane skal «kunne leike, utforske og eksperimentere med språket på kreative måtar» (LK20). Dette er ei høveleg målsetting for arbeidet med poesiverkstaden. Opplegget passar for både ungdomstrinnet og elevar i den vidaregåande skulen. 

«Kor vemmeleg luktar sjalusi? Som ein attgløymd, våt kjole i vaskemaskina?» 

På Nynorsk kultursentrum sine sider finn du ei samling med uvanlege og morosame skrivetips frå nokre kjende, norske forfattarar. Skrivetipsa er laga til poesiverkstaden i Haugesenteret i Ulvik. Overskrifta til dette avsnittet er henta frå Erlend O. Nødtvedt sitt tips om å konkretisere ei kjensle. Ein annan forfattar som kjem med skriveråd til elevane, er Helge Torvund. Han utfordrar elevane til å tenkje på skuggane av ulike gjenstandar, eit hus, eit tre, eit menneske, og deretter skrive ein tekst. «Kva slags røyst har skuggen? Kvar søv skuggane?» spør han i teksten sin. Forfattar Gro Dahle tek utgangspunkt i det kvardagslege og litt keisame, og spør om kva tunga di kan minne om. Det er enklare å skrive om ting ein kjenner til, enn dei store temaa med ein gong. Ved å gje elevane konkrete, litt rare og morosame oppgåver, kan dei bli inspirerte til å skrive.  

1. Slepp sansane fri – å skrive kan alle! 

I denne fasen av poesiverkstaden er målet å få elevane til å skrive utan for mange krav. Ved å bruke nokre av skrivetipsa til forfattarane på Nynorsk kultursentrum sine sider får elevane kome i gang med skrivinga, og forhåpentlegvis kjenne litt skriveglede. Gjer denne delen av poesiverkstaden til ein utforskande og fri skriveleik der det meste er lov. Vurder om elevane bør skrive på ark og ikkje på PC, slik at distraksjonane vert færre.  

Når elevane har gjennomført nokre skriveøvingar, kan dei lese tekstane opp for kvarandre i mindre grupper. Dette kan fremje inspirasjon til vidare skriving, og det er alltid spennande å høyre korleis dei andre medelevane har løyst skriveutfordringa. 

Lag ei lydkulisse til teksten 
Utfordre elevane til å lage ei lydkulisse eller finne musikk som kan forsterke kjensla eller grunntonen i teksten dei har skrive. Ei lydkulisse kan innehalde lydar frå naturen, stemmer eller instrumentale stykke som dei finn på Spotify. Elevane kan søkje etter lydar og musikk på plattformer som tilbyr royaltyfri musikk, som til dømes SoundCloud, Freesound eller liknande. 

Lag eit visuelt uttrykk av teksten
Når elevane vert bedne om å visualisere tekstane dei har skrive, vert dei utfordra til å materialisere tankane og skrifta si. Kva slags visuelle element eller uttrykksformer kan representere teksten dei har skrive? Er sjalusi eit blinkande raudt lys, eit KI-generert bilete av svart materie eller kanskje eit krølla ark? Her er det viktig at elevane ser moglegheitene i den visuelle uttrykksforma. Lag deretter ei miniutstilling i klasserommet der tekst, lydkulisse/musikk og visuelt uttrykk vert stilt ut saman.  

Avslutt arbeidet ved å be elevane skrive ein refleksjonstekst der dei fortel litt om korleis dei opplevde å arbeide med poesiverkstaden. Lat dei også reflektere over korleis dei opplevde utstillinga. Var det nokon tekstar som gjorde spesielt inntrykk på dei?  

2. Bli kjend med samtidslyrikken! 

Om skulen har eit skulebibliotek, kan de setje saman bokkasser med lyrikksamlingar som elevane kan gjere seg kjende med. Nynorsksenteret har også utforma ein diktbank med nynorsk samtidslyrikk, som elevane kan lese på nettet.  

Be elevane samarbeide to og to saman, og la dei blade/skrolle gjennom lyrikksamlingane og finne nokre dikt som dei merkar seg spesielt ved. Deretter kan elevane lage ein presentasjon der dei presenterer dikta for resten av klassa. Eit sentralt mål med framføringa er at elevane skal leggje fram leseerfaringane sine og grunngje kva dei likte med dikta. Elevane bør også kunne ta i bruk fleire av omgrepa/frasane under når dei snakkar om dikta: 

  • det lyriske eg-et 
  • stemning 
  • grunntone 
  • kjensle 
  • assosiasjon 
  • strofe 
  • verselinje 
  • språk 
  • motiv 
  • verkemiddelbruk 
  • tema