Omsetjing av songtekstar

Soundtrap 5 Wj tk8 Ens unsplash

Av Tom Roger Aadland, Arild Torvund Olsen og Guro Kristin Gjøsdal

Tverrfagleg undervisingsopplegg for ungdomstrinn og vidaregåande trinn i musikk, norsk og engelsk om omsetjing/attdikting av ein songtekst frå engelsk til nynorsk. Opplegget kan vere meir eller mindre omfattande, avhengig av kva ein ønsker at opplegget skal resultere i.

Tom Roger Aadland til nettside
Tom Roger Aadland. Foto: Geir Dokken

Tom Roger Aadland er ein norsk artist og tekstforfattar som lagar kritikarroste album med norskspråklege tekstar. Han gjendiktar også Bob Dylan sine songtekstar til nynorsk. I dette opplegget deler han gode råd og erfaringar med omsetjing av songtekstar.

Tid: 90 minutt der de tek føre dykk delar av ein songtekst, eller 180 minutt der de tek føre dykk heile teksten.

Vi skal arbeide med attdikting av songtekst. De kan byrje med å vise elevane eit døme på ei norsk attdikting av ein engelskspråkleg låt. Her kan de til dømes nytte « Det e OK um du glømme me », Synne Vo si norske tolking av ein Astrid S-song:

Deretter kan elevane få velje seg ein engelsk låt dei vil lage ei nynorsk attdikting av. Det er gjerne lurt at dei vel seg ein song dei liker godt. Dersom det er ein låt med mykje tekst, kan det vere greitt å attdikte berre delar av teksten eller å gå fleire elevar i lag og omsetje eitt vers kvar.

Ti råd som er gode å fylgje

  1. Set deg godt inn i originalteksten, undersøk kva for «strengar» teksten spelar på. Til dømes om det blir brukt faste uttrykk, referansar til situasjonar, stadar etc.
  2. Når det er sagt: Det finst ikkje ein fasit til forståinga av ein tekst. Du må heller ikkje absolutt «forstå» alt. Viss teksten skapar bilete eller kjensler, er det nok.
  3. Gjer ei ordrett omsetjing først, der du ikkje bryr deg om rim og rytme. Tenk deg godt om for å finne orda som passar best.
  4. Når du har gjort den ordrette omsetjinga, kan du begynne å jobbe med å lage linjer som kan syngjast. Då er det lurt å sjå på rytmikk, rim og klang.
  5. Rytmikken treng ikkje vere heilt lik originalen, men pass på at du ikkje heile tida brukar fleire stavingar (eller færre). Tel gjerne stavingane.
  6. Prøv å få med mest mogleg av rim. I ein songtekst er vokalane ofte viktigare enn konsonantane. Hugs alltid at tydinga er viktigast.
  7. Kanskje må du snu om på rekkefølgja ting kjem i, eller skifte om på linjene, for å få rimmønsteret til å passe. Du kan også skrive teksten om på ein friare måte, slik at du får sagt om lag det same, men på ein annan måte.
  8. Syng og lytt når du jobbar med gjendiktinga. Då merkar du om teksten «ligg godt på tunga».
  9. Det vil alltid vere ord og linjer som er praktisk talt umoglege å omsetje heilt nøyaktig. Men det har ein eigenverdi å presentere ein songtekst på morsmålet. Ei god attdikting kan bringe teksten ut til nye lyttarar.
  10. Når attdiktinga er ferdig, skal songen syngjast! Det treng ikkje vere på ein scene eller på plate. Syng åleine, saman med vener, i klassen etc.

Fri versus bokstavtru attdikting

Som eit døme på at det finst mange måtar å løyse ei attdikting på, kan det vere fint å vise eit døme. Bob Dylan-låten «Make You Feel my Love» er attdikta til norsk mange gonger, og i dei ulike attdiktingane er det gjort ulike val. I originalen syng Dylan:

The storms are raging on the rollin’ sea
And on the highway of regret
The winds of change are blowing wild and free
You ain’t seen nothing like me yet

På norsk kan det verte til ...

Stormene raser på urolig sjø
Det er kø på angerens motorvei
Med frie vinder svever nye frø
Som jeg skulle dyrke dem for deg

(Anne Grete Preus)

… eller ...

No rasar stormen over opent hav
Og gjennom sorg sin mørke skog
Framtidas vind vil blåse himlen klar
Alt skal bli mykje betre enn du trur
(Bjarte Hjelmeland)

… eller ...

Stormen rasar på eit hav så grått
Og langs min angertyngde veg
Forandringsvindane blæs djervt og rått
Aldri finn du nokon heilt som meg

(Tom Roger Aadland)

Her ser me at nokre av dei omsette linene legg seg tett opp mot originalen, medan andre er friare attdikta. Kvar elevane vil plassere seg på denne aksen, er opp til dei og kva dei opplever at fungerer best.

Å finne rim i ordboka

Rim har ei viktig rolle i teksten elevane skal lage. Det har ein eigenverdi å la hjernen arbeide med å finne rimord, men dersom elevane står fast i riminga, kan nynorskordboka på nett vere eit godt verktøy for å finne fram til ord som rimar. Her skal vi vise nokre døme på korleis det kan gjerast. I døma nyttar vi den gratis nynorskordboka til Språkrådet og Universitetet i Bergen.

Å finne eit ord som rimar på «liv»
I Nynorskordboka skriv du inn *iv i søkjefeltet. Då får du opp alle orda som sluttar på «iv», frå «ablativ» til «zoomobjektiv». Her er det berre å bla og sjå om det er rimord der som inspirerer og kan nyttast i teksten. Men hugs at ikkje alle ord som sluttar på det same, rimar. «Grautsleiv» rimar ikkje på «liv», jamvel om båe sluttar på «iv».

Å finne eit kort ord som rimar på «liv»
Dersom du tykkjer dei over 500 treffa på *iv er litt mykje å bla gjennom, kan du søkje på _iv i staden. Då får du opp alle ord som har berre éin bokstav framom «iv», til dømes «hiv», «riv» og «siv». Og eit søk etter __iv (to understrekar framom «iv») gjev alle ord som har to bokstavar framom «iv», til dømes «driv», «kniv» og «naiv».

Framføring

Det er mange ulike måtar framføringa kan løysast på. Elevane kan syngje teksten a-capella, syngje i grupper, syngje med musikk til (frå lydfil eller frå t.d. Garageband) eller framføre med instrument til. Det er òg mogleg å leggje opp til at dei skal lage ein musikkvideo ved hjelp av digitale verkemiddel.

Formål

Ungdomstrinn

Musikk

  • Reflektere over korleis musikalske tradisjonar vert bevarte og fornya.
  • Lytte og prøve ut ulike uttrykk og grunngi val i skapande prosessar frå idé til ferdig resultat.

Norsk

  • Samanlikne og tolke (…) andre tekstar ut frå historisk kontekst og eiga samtid.
  • Uttrykke seg i ulike sjangrar og eksperimentere med sjangrar på kreative måtar.

Engelsk

  • Utforske og vidareformidle innhald i engelskspråklege kulturelle uttrykksformer frå ulike medium knytt til eigne interesser.
  • Beskrive og reflektere over rolla engelsk har i Noreg og verda.

Vidaregåande trinn 1

Musikk fordjuping 1

  • Presentere og dokumentere eigne arrangement og komposisjonar.
  • Gi konstruktiv respons på andre sine kreative uttrykk, i samspel og samskaping, og reflektere over korleis respekt og toleranse for kunstnarisk ulikskap kan bidra til likeverdig medborgarskap.
  • Arrangere og komponere musikk for eige fordjupingsinstrument og ulike besetningar ved å bruke grunnleggande arrangeringsteknikkar og ulike former for notasjon.

Norsk

  • Reflektere over korleis tekstar framstiller møte mellom ulike kulturar.
  • Kombinere verkemiddel og uttrykksformer kreativt i eiga tekstskaping.

Engelsk

  • Diskutere og reflektere over form, innhald og verkemiddel i engelskspråklege kulturelle uttrykksformer frå ulike media, inkludert musikk, (…)
  • Bruke eigna strategiar i språklæring, tekstskaping og kommunikasjon.
  • Bruke kunnskap om grammatikk og tekststruktur i arbeid med eigne munnlege og skriftlege tekstar.

Tilleggsressurs

Tom Roger Aadland: Har songteksten tatt over for diktet?