• Blogg
  • Har songteksten tatt over for diktet?

Har songteksten tatt over for diktet?

01.02.2021

Tom Roger Aadland til nettside

Svaret det svever i det blå

Tekst: Tom Roger Aadland
Foto: Geir Dokken

«Arnulf Øverland sa ein gong at alle med god oppdraging har dårleg samvit.» Desse orda var visstnok dei første mor mi sa til ho som fleire år seinare skulle bli kona mi. Mor mi siterte ofte Øverland og andre norske diktarar når det var noko viktig ho ville seie. «Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv», høyrde eg mange gonger under oppveksten.

For eit par år sidan heldt eg skrivekurs for ungdomar på ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Ein dag besøkte eg ein klasse for elevar som hadde særs dårleg motivasjon for vanleg skulegang. Dei hadde yrkespraksis fire dagar i veka, og skule den femte, og den femte dagen trur eg dei gjekk til med ulyst. Det lyste lang veg at eleven som sat bakerst i klasserommet, seks-sju meter frå meg, ikkje var i sitt rette element i eit klasserom med tavle og pc-ar. Men då eg spurde klassen om dei lytta til songtekstar, vart han engasjert. «Å ja, heile tida!» sa han, og fortalde at han høyrde på hiphop mange timar om dagen. Han kunne mange av tekstane utanåt.

Sjølv om desse to lausrivne anekdotene, som ligg nesten førti år frå kvarandre i tid, gir magert statistisk grunnlag, trur eg det er rett å seie at songteksten har tatt over for diktet for det jamne publikum. Kva tid skjedde denne endringa, og kva var det som forårsaka ho?

Eg trur det skjedde på to frontar. På den eine sida vart diktarane etter kvart trekte mot former som var, kanskje meir organiske, men mindre sitatvenlege. Sigbjørn Obstfelder var i 1890-åra ein av dei første her i landet som skreiv dikt utan rim og fast rytme. I vår tid er det langt mellom «seriøse» lyrikarar som bruker rim som ein hovudregel. Dragninga som rimet har, denne gjentakande og gjenkjennande effekten, er eit mystisk fenomen, men like fullt eit faktum. Når lyrikken søkte andre former, oppstod kan hende eit vakuum som songteksten kunne fylle. Populærmusikken er for ein stor del basert på faste rytmar og symmetriske mønster, og ligg såleis godt til rette for bruk av enderim og fast rytmikk.

Me har hatt «rimfrie» og folkekjære lyrikarar her i landet dei siste tiåra, men eg trur ikkje så mange har kunna tekstane deira utanåt. Jan Erik Vold sitt annleis-blikk som rommar både humor og vemod, har treft mange. Dikt som «Kulturuke», «Trikkeskinnediktet» og «Tale for loffen» er folkeeige. Men dei fleste (inkludert litteraturinteresserte) hugsar nok mest enkeltord som «rultetukuk», «kluteturuk» og «ulturkuke» fra førstnemnte dikt. Ein folkekjær lyrikar når me skriv 2021, er Trygve Skaug, ofte kalla instagram-poeten. Skaug er også popartist, og det kan derfor vere vanskeleg å bruke han som ein eksakt temperaturmålar på tilhøvet mellom songtekstar og lyrikk. Men både poesien og songtekstane til Skaug treffer mange, og det er ikkje få som har tatovert inn ei tekstlinje av han på ein underarm eller ein legg.

Uavhengig av kvalitet, det er ikkje lett å sjå for seg at ein norsk lyrikar skal klare å fylle Spektrum ti kveldar på rad, slik Karpe kjem til å gjere neste år. Karpe og Cezinando er døme på artistar som treffer mange med tekstane sine, og ei ny bølgje med unge, talentfulle skribentar står klar, folk som Musti og Ezzari. Felles for desse artistane, som eg berre har nemnt frå toppen av hovudet, er at dei har ikkje-etnisk norske røter. Det får bli ein annan bloggtekst, men eg klarar ikkje la vere å tenkje på at mange av dei største songdiktarane har jødisk immigrantbakgrunn. Besteforeldra til Bob Dylan, Lou Reed og Paul Simon kom alle til den nye verda med lite anna i lommene enn draumar.

Tom Roger Aadland bilete2 til nettside

Kor var eg? Jo, på den eine sida har kanskje lyrikarane blitt litt mindre folkekjære dei siste tiåra (men like glade i folk). Men det viktigaste momentet er nok at kvalitetstekstar har funne sin plass i populærmusikken. Det starta for alvor med Bob Dylan på byrjinga av 60-talet. The Beatles og mange av dei andre store popartistane plukka opp tråden. La oss for moro skuld sjå på to Beatles-tekstar som er skrivne med fire års mellomrom. Først «I Wanna Hold Your Hand» frå 1963: «Oh, yeah, I’ll tell you something/I think you’ll understand/When I’ll say that something/I wanna hold your hand». Så hoppar me fram til «A Day in the Life» frå 1967: «He blew his mind out in a car/He didn't notice that the lights had changed/A crowd of people stood and stared/They'd seen his face before/Nobody was really sure if he was from the House of Lords». Litt av ein skilnad i innhald og substans, og ein kan vel seie at popteksten hadde gjort litt av ei klassereise i løpet av desse fire åra. I 2016 blei Bob Dylan tildelt Nobelprisen i litteratur, ein ny stasjon på denne reisa.

Sidan sekstitalet har tallause artistar og låtskrivarar erobra eit stort publikum med gode og meiningsfylte songtekstar. Leonard Cohen, Smokey Robinson, Joni Mitchell, Patti Smith, lista strekkjer seg kilometervis. Gjennombrotet til rap-musikken på 80- og 90-talet flytta kan hende fokuset ytterlegare over på teksten. Artistar og tekstforfattarar som Public Enemy, Tupac Shakur, The Notorious B.I.G. og Eminem blei lytta til på gute- og jenterom over heile kloden. Då eg nyleg rydda i gamle esker, fann eg ein perm der sonen min hadde samla Eminem-tekstar tidleg på 2000-talet. Eg visste han høyrde masse på den songlyriske urokråka frå Detroit, men ikkje at han hadde samla songtekstane i ein perm.

Nobelprisen til Dylan var ikkje veldig kontroversiell, men ein viss diskusjon var det. Tilhengjarene av å gje prisen til Dylan, brukte argumentet om at lyrikken opphavleg blei framført i songform, akkompagnert av strengeinstrumentet lyre. Dei vil kanskje hevde at lyrikken har kome heim når han no i songform finn millionarar av lyttarar og lesarar gjennom plattformer som Spotify, YouTube og Instagram. Framleis vert det skrive mykje vital og relevant lyrikk som betyr mykje for mange. Men han blir kanskje ikkje sitert av lastebilsjåførar og vaskehjelper. I alle fall ikkje for tida. Kan hende vil folk som Amanda Gorman endre dette. Tjuetoåringen sitt dikt «The Hill We Climb», som ho las under Joe Biden sin innsetjingsseremoni, har i det siste blitt sitert verda over. Me hugsar alle korleis Nordahl Griegs tekst «Til ungdommen» trefte oss etter Utøya. Musikk og poesi er noko me grip instinktivt etter når det hender noko som overskrid kvardagen.

Og det er sjølvsagt ingen «strid» mellom lyrikk og musikk, eller mellom diktarar og songtekstforfattarar. Dei fleste låtskrivarar har lese hundrevis av dikt. Bob Dylan trekte fram den skotske 1700-talsdiktaren Robert Burns og diktet hans «A Red, Red Rose» då han blei spurt om kven som hadde hatt størst påverking på livet hans. Eg trur me lar Burns få siste ord, og så gler eg meg til det neste albumet til Musti.

O my Luve is like a red, red rose
That’s newly sprung in June;
O my Luve is like the melody
That’s sweetly played in tune.