Amanda Gorman – krafta i diktinga, krafta i språket
Under innsetjinga av president Joe Biden i USA var det ei ung kvinne som proklamerte eit dikt som svært mange av oss kjem til å hugse. Gjennom framføringa av diktet «The Hill We Climb» vekte Amanda Gorman både internasjonal merksemd og jubel.
I denne omsetjingsoppgåva skal elevane ta utgangspunkt i ein dagsaktuell lyrisk tekst, og reflektere over kva slags kraft dikting kan ha. Det er også ei målsetjing at elevane skal reflektere over likskapar og ulikskapar mellom engelsk og nynorsk, og bruke faglege omgrep i samtalar om språk. Ved å omsetje teksten vert han meir tilgjengeleg for elevane, samstundes som elevane får arbeide med språklege tema som er sentrale i norskfaget.
Omsetjingsoppgåva i denne ressursen er ei tverrfagleg oppgåve i faga norsk og engelsk. Arbeidet med diktet kan også integrerast i andre fag, til dømes samfunnsfag. Nedst i ressursen ser de korleis oppgåva er forankra i desse tre læreplanane.
Omsetjingsoppgåve
Førlesefase
Svært mange av elevane har nok sett bilete av Amanda Gorman i sosiale medium eller i nyheitene. Start timen med å vise eit bilete av Gorman, og skap ein klasseromssamtale rundt spørsmåla:
- Kva veit de om den unge kvinna på biletet?
- Kvifor har ho fått så mykje merksemd i det siste?
- Kva slags inntrykk har de av Amanda Gorman?
- Instagram-kontoen til Amanda Gorman gjekk frå å ha 36 000 følgjarar til å få 2,8 millionar følgjarar på to dagar. Kvifor det, trur de?
Lesefase
Del ut ark og blyant, og be elevane ta notat undervegs.
Før de ser filmen av framføringa til Gorman, ber du elevane tenkje over følgjande:
- Korleis brukar Gorman kroppsspråket sitt under framføringa?
- Korleis brukar ho stemma si?
- Er det spesielle verselinjer eller ord som de legg særskilt merke til under framføringa?
- Kva slags musikk- eller tekstsjangrar kan framføringa til Gorman minne om?
- Prøv å fange opp kva slags verselinjer Gorman avsluttar diktet med.
Klassesamtale
Målet med denne delen av undervisingsopplegget er å reflektere over krafta i framføringa til Gorman, og diskutere korleis teksten vert forsterka gjennom måten Gorman framfører han på. Reflekter saman med elevane med utgangspunkt i spørsmåla ovanfor.
Sjanger
Amanda Gorman framfører diktet sitt på ein måte som mange knyter til Spoken word-tradisjonen. Her spelar framføringa, og måten du brukar kroppsspråket og stemma på, ei sentral rolle. I Spoken word-kategorien finn vi mange ulike poesi-sjangrar der dikt vert framførte munnleg og med stor innleving. Dette kan til dømes vere poesislam og rapping, men også framføringar av ulike typar monologar.
I videosnutten «Spoken word – The Roots of Poetry» får de ei kort innføring i kva sjangernemninga viser til.
Be elevane skrive ned stikkord undervegs, og bruk stikkorda som eit utgangspunkt for å snakke om kva som blir sagt i filmen:
Refleksjonsspørsmål: Kvifor trur elevane denne forma for diktframføring har blitt så populær?
Arbeid med skriftleg tekst
Del ut diktet til elevane, og be dei arbeide saman to og to. Her finn de ei utgåve av diktet. Det er verdt å merke seg at diktet ikkje er publisert enno (28.01.2021). Utgåva de ser her, er ein transkripsjon frå opplesinga til Gorman, og strofeinndelinga her kan vere annleis enn hennar:
Here's the Full Inaugural Poem 'The Hill We Climb,' By California Poet Amanda Gorman (sfist.com)
- Be elevane lese diktet høgt saman. Den lyriske teksten inneheld fleire utfordrande og litt ukjende ord, men vi gjer så godt vi kan. Det gjer ingenting om ein les litt feil. Kvar elev les to verselinjer, for så å byte. Ved å lese gjennom diktet to og to, får elevane ei viktig fyrstehandserfaring med språket i teksten.
Samtale: Kva trur elevane diktet handlar om? Kvar gruppe skriv ned stikkord som dei deretter brukar under ein felles klassesamtale. Målet med klassesamtalen er å danne ei felles forståing av det overordna temaet i diktet. - Del inn diktet inn i ulike bolkar slik at heile diktet vert dekt, og fordel utdraga mellom elevane. Dersom det er få elevar i klassa, vel de ut nokre utdrag.
Skap ei forståing for kva diktutdraget handlar om
Før elevane fordjupar seg i det skriftlege omsetjingsarbeidet, skal dei samtale fritt om kva dei trur diktutdraget handlar om. Be dei deretter markere dei orda/verselinjene som dei tykkjer er utfordrande å forstå.
Form og språklege verkemiddel
Når elevane har danna seg ei forståing for innhaldet i diktutdraget, skal dei samtale om kva som kjenneteiknar forma på det. Be dei notere ned stikkord og spørsmål undervegs i arbeidet. Målet med arbeidet er å få elevane til å reflektere over nokre formtrekk, men ein treng ikkje gjere det for komplisert. Introduser/repeter nokre sentrale omgrep som gir elevane støtte i arbeidet. Finn dei døme på rim? Kva slags typar rim er det snakk om? Enderim, bokstavrim (allitterasjon, assonans)? Finst det ei form for rytme i diktet? Minn elevane på å lese diktutdraget høgt fleire gongar, slik at formtrekka trer tydelegare fram for dei.
Neste steg i tekstutforskinga er å sjå etter språklege verkemiddel. Bruk litt tid i forkant til å repetere og samtale om nokre relevante verkemiddel, slik at elevane kan bruke dei faglege omgrepa aktivt i arbeidet sitt. Relevante verkemiddel kan til dømes vere kontrastbruk, gjentaking og ulike former for språklege bilete.
Å setje om engelsk til norsk – likskapar og skilnader mellom språka
Etter at elevane har samtala om kva diktet formidlar, og korleis det blir formidla, skal elevane omsetje diktutdraget til nynorsk. Det er primært innhaldet i diktet elevane skal fokusere på når dei set om teksten. Elevane som også vil prøve å etterlikne forma på diktet, får moglegheit til det.
Språklege bilete kan by på utfordringar når ein skal omsetje, fordi dei ikkje alltid finst i begge språka. Det er difor viktig at elevane prøver å kjenne att ord og uttrykk som har ei overført tyding, før dei set om teksten. Be elevane prøve seg fram, og ver tett på dei under arbeidet. Ved å reflektere over utfordringane dei møter på undervegs i omsetjinga, kan elevane bli meir medvitne på likskapane og skilnadene mellom språka.
Ein sentralt del av omsetjingsarbeidet er at elevane skal diskutere dei språklege vala dei tek undervegs og å bruke ordboka aktivt. Ved å bruke Lexin-ordboka får elevane opp korleis dei engelske søkeorda vert skrivne på nynorsk, og ho kan difor vere nyttig å bruke i tillegg til nynorskordboka på nett.
Bruk omsetjingsarbeidet som eit utgangspunkt for gjere elevane medvitne på sin eigen språkkompetanse. Framhev engelsk- og nynorskekspertisen til elevane gjennom å spørje om kva slags ord og formuleringar dei tykkjer er enkle å setje om. Be elevane leggje merke til kva slags ordklasser dei ulike orda høyrer til, og om det er funksjonsord eller innhaldsord. Kva slags ord opplever elevane som daglegdagse, og kva slags ord er framande for dei?
Språkopplæring og språkkompetanse handlar blant anna om å ha eit metaspråk for dei ulike delane av språket. Det er difor viktig at ein repeterer/introduserer nokre faglege omgrep som kan hjelpe elevane til å få eit slikt metaspråk.
Be elevane reflektere over korleis den engelske setningsbygnaden skil seg frå den nynorske setningsbygnaden, gjennom å bruke konkrete døme frå omsetjingsarbeidet sitt. La elevane leggje fram døma sine for resten av klassa, og bruk dei som eit utganspunkt for språksamtalar i klasserommet.
Rekkepresentasjon
Når alle elevpara er ferdige med å omsetje, skal elevane øve seg på å framføre den nynorske utgåva av diktet. Be elevane bruke stemma si, pausar og toneleie aktivt når dei førebur framføringa. Kanskje nokon av elevane også ønskjer å bruke kroppsspråket sitt til å understreke innhaldet i teksten? Ver open for individuelle tolkingar, men forvent at alle elevane har tenkt over korleis dei vil leggje teksten fram munnleg.
Still deretter alle elevane opp ved sida av kvarandre på rekke, og la dei framføre diktet. Ved å bruke rekkepresentasjon som framføringsmetode, involverer ein alle elevane, samstundes som ein byggjer ned terskelen for å framføre.
Bruk deretter den nynorske versjonen til å diskutere tematikken i diktet, og knyt det til hendingar i samtida.
La både det engelske diktet og den nynorske omsetjinga pryde klasserommet.
Tips til vidare lesing og temaarbeid med utgangspunkt i diktet «The Hill We Climb»
- Korleis flettar Gorman historia (eldre og nyare) inn i diktet? Korleis blir teksten til Gorman utvida gjennom å vise til desse hendingane?
- Sjå intervjuet med Gorman der ho går nærare inn på arbeidsprosessen rundt diktet. Samtal om korleis ho har arbeidd med å skrive diktet. Kan vi bruke noko av arbeidsmetoden hennar i vår eiga skriving?
- Ta utgangspunkt i diktet «DETTE ER ANDRE DAGAR» av Ruth Lillegraven og diktet «Etter 22. juli» av Frode Grytten, og diskuter kva slags rolle dikting og litteratur kan spele i utfordrande tider.
Amanda Gorman har skrive eit dikt om USA, inspirert av historiske og notidige hendingar. I 2015 skreiv Ruth Lillegraven diktet «Norge mitt Norge», inspirert av ein kronikk i Aftenposten der Morten Størksnes kritiserer regjeringa si forvalting av Noreg sine ressursar:- Vi som solgte landet (aftenbladet.no)
- Husdiktar for Salongen på P2 | Forfattar Ruth Lillegraven
Diktet «Norge, mitt Norge» avsluttar med verselinjene: «det er nye tider no, heilt nye tider no». Diskuter kva verselinjene viser til, og kva slags ulike føremål moderne lyrikk kan ha.
- Bli nærare kjend med Amanda Gorman gjennom denne artikkelen frå Framtida.no
Dette er stjerneskotet Amanda Gorman (22) (framtida.no) - Å skrive kreativt
Kanskje elevane har blitt inspirerte av diktet og framføringa til Amanda Gorman og har lyst til å skrive sjølv? I denne ressursen om kreativ skriving skal elevane skrive ein rapp om heimstaden sin. Temaet for skrivinga kan de enkelt gjere om på. Les meir om «Hiphop – ordboka som kreativt verktøy» her.
Forankring i læreplanar
Norsk
I arbeidet med denne ressursen skal elevane utforske språket, leike med språket og gjere språklege val. Dei skal også bruke metaspråk for å snakke om dei språklege vala dei tar.
Eitt av kjerneelementa i læreplanen i norsk er «Språket som system og mulighet». Her blir det presisert at elevane skal utvikle eit omgrepsapparat for å skildre grammatiske og estetiske sider ved språket, og dei skal kunne leike, utforske og eksperimentere med språket på kreative måtar.
Relevante kompetansemål:
Etter 10. trinn
- sammenligne og tolke romaner, noveller, lyrikk og andre tekster ut fra historisk kontekst og egen samtid
- bruke fagspråk og kunnskap om grammatikk, tekststruktur og sjanger i samtale om og bearbeiding av tekster
Etter Vg1 SF og Vg2 YF
- - bruke fagspråk til å beskrive setningsoppbygningen og sammenhengen mellom setninger i arbeid med tekster (Vg1 SF)
Engelsk
I denne ressursen får elevane møte ein engelskspråkleg tekst, både munnleg og skriftleg. Eit av kjerneelementa i læreplanen i engelsk er «Møte med engelskspråklige tekster», både munnleg og skriftleg. Vidare står det at det er i møte med engelskspråklege tekstar at språklæring skjer.
Relevante kompetansemål:
Etter 10. trinn:
- Utforske og beskrive noen språklige likheter og ulikheter mellom engelsk og andre språk eleven kjenner til, og bruke dette i egen språklæring.
- lese, diskutere og videreformidle innhold fra ulike typer tekster.
Samfunnsfag
Omsetjingsoppgåva kan også vere eit godt utgangspunkt for å arbeide med det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap i faga norsk, engelsk og samfunnsfag.
Begge dei to kjerneelementa «Samfunnskritisk tenking og samanhengar» og «Demokratiforståing og deltaking» er relevante i samband med å arbeide med diktet og fleire av oppgåvene i denne ressursen.
Relevante kompetansemål:
Etter 10. trinn:
- reflektere over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringar i samfunnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst
- gjere greie for årsaker til og konsekvensar av sentrale historiske og notidige konfliktar og reflektere over om endringar av nokre føresetnader kunne ha hindra konfliktane