Hiphop – ordboka som kreativt verktøy

Victoria Hhamre Ordsamlar Nett
Illustrasjon: Victoria H. Hamre

Hiphop handlar ofte om å representera heimstaden, anten det er gata du kjem frå, byen din eller bygda di. I dette opplegget skal elevane skriva ein rapp om heimstaden sin, og i arbeidet får dei læra å nytta nettordboka som eit kreativt verktøy for å finna rim og gode uttrykk.

Ein viktig del av dette opplegget er å læra dei triksa i nettordboka som gjer det mogleg for elevane å finna fram til dei orda og rima som dei elles kan henda ikkje hadde tenkt på. Som forfattar Aina Basso har sagt:

«Dei første orda, dei som kjem lettast, er gjerne dei mest vanlege, dei som er mest brukt. Ein gong var dei ferske og nye, bileta dei skapte, var uventa, og tindrande klare.

Men no er dei blitt platte, dei har mista kraft, og eg må finne nye ord, setje dei saman på nye måtar, til nye bilete, som er sterke og friske.

Det er då eg treng ordboka mest: når eg treng ord som ikkje kjem av seg sjølv.»

Idémyldring og organisering

Før elevane skal byrja å skriva, må dei finna ut kva som skal nemnast i teksten. Kva er det med heimstaden som fortener nokre ord? Her kan det høva med ei idémyldring, anten i grupper eller i plenum. Stikkord for idémyldringa kan til dømes vera landskap, byggverk, kultur, folk, idrettslag, landemerke og hendingar frå notid og fortid.

For ekstra inspirasjon kan elevane godt få høyra eitt eller fleire døme på slike tekstar, som «Eg e fra Bergen» (Lars Vaular), «Nilsen» (Don Martin og Tommy Tee) eller «H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A.» (Side Brok).

Elevane kan anten skriva kvar sin tekst, skriva saman i grupper eller arbeida i grupper der kvar i gruppa skriv kvart sitt vers til den same rappen. Dersom elevane i ei gruppe skriv kvart sitt vers til ein fellestekst, må dei fordela kven som skal skriva om kva, slik at ikkje alle versa handlar om det same.

Måtar å byrja på

Det kan ofte vera vanskeleg å byrja skrivinga. Her er nokre døme på frasar som kan takast i bruk som opningsliner.

  • Eg ser … (t.d. «Eg ser på bygda mi som vaknar til liv» eller «Eg ser eit hus som har sett sine beste dagar»)
  • Som eit/ei/ein … ligg/står/… (t.d. «Som ei dronning ruvar fjellet» eller «Som blodårer i kroppen ligg gatene i byen»)
  • Når eg går gjennom/på/over … (t.d. «Når eg går over eidet, ser eg bygda framfor meg» eller «Når eg går gjennom gata og let tankane strøyma, …»)

Rim og rytme

Stort sett går rapp i 4/4-takt. Av di sjangeren er ein slags mellomting mellom prating og song, kan talet på stavingar i kvar takt variera mykje meir enn i vanlege songtekstar. Det viktigaste strukturerande elementet er at det er enderim, stort sett på det fjerde slaget i takta. I tillegg er det ofte bruk av bokstavrim og innrim.

Her er eit døme de kan gå gjennom saman med elevane:

Som blodårer i kroppen ligg gater i ein vev.
Eg kjenner pulsen frå kjærleik og strev.
Fine folk ferdast på alle kantar
til lyd frå musikantar som speler for slantar.

Det som er likt på alle fire linene i dømet, er at enderima (vev/strev og kantar/slantar) kjem på fjerde slaget i takta. Døme på bokstavrim finn me til dømes i tredje lina (fine folk ferdast). I siste lina finn me dessutan eit innrim, det vil seia rim mellom to stavingar på same verselina (musikantar/slantar).

Me ser elles at tekstrytmen endrar seg mellom linene. Fyrste og siste lina har opptakter («Som» og «til») som kjem før fyrste slaget i takta, line to byrjar etter fyrste slaget i takta, og line tre byrjar akkurat på slaget. Slik kan ein variera rytmikken i rappen for å gjera han mindre stiv.

Musikk til rappen

Dersom elevane høyrer gjennom kompet som rappen skal framførast over, kan det vera med på å gje dei ein struktur som dei kan nytta til teksten. Dei kan til dømes nytta dette instrumentalkompet:

Eller so kan dei finna eitt på denne sida:

https://soundcloud.com/freehiphopbeatsforyou

Å finna ord som rimar

Rim har ei viktig rolle i teksten elevane her skal skriva, og nynorskordboka på nett er eit godt verktøy for å finna fram til rimord. Her skal me visa nokre døme på korleis det kan gjerast. I døma nyttar me den gratis nynorskordboka til Språkrådet og Universitetet i Bergen. Nokre av funksjonane, men ikkje alle, finst òg i nynorskordboka til Ordnett.no.

  1. Å finna eit ord som rimar på «liv»
    I Nynorskordboka skriv du inn *iv i søkjefeltet. Då får du opp alle orda som sluttar på «iv», frå «ablativ» til «zoomobjektiv». Her er det berre å bla og sjå om det er rimord der som inspirerer og kan nyttast i teksten. Men hugs at ikkje alle ord som sluttar på det same, rimar. «Grautsleiv» rimar ikkje på «liv», jamvel om båe sluttar på «iv».

  2. Å finna eit kort ord som rimar på «liv»
    Dersom du tykkjer dei over 500 treffa på *iv er litt mykje å bla gjennom, kan du søkja på _iv i staden. Då får du opp alle ord som har berre éin bokstav framom «iv», til dømes «hiv», «riv» og «siv». Og eit søk etter __iv (to understrekar framom «iv») gjev alle ord som har to bokstavar framom «iv», til dømes «driv», «kniv» og «naiv».

  3. Å finna eit ord som rimar på «dagar»
    Dersom du søkjer på *agar, får du opp nokre få substantiv som sluttar på «agar», som «belgdragar» og «dyreplagar». Men med ord som sluttar på «ar» og andre bøyingsformer, kan me ta i bruk grammatikkunnskap for å finna langt fleire rimord.

    Me veit til dømes at hankjønnsord får endinga «ar» i fleirtal. Då kan me nytta ordboka til å søkja etter hankjønnsord som sluttar på «ag» eller «age». Me kan avgrensa søket til å berre gjelda substantiv ved å haka av for ordklassen substantiv i søkjealternativa rett under søkjefeltet. Eit søk etter *ag gjev då treff på substantiv som sluttar på «ag». Då kan me leita gjennom utvalet etter hankjønnsord (som i fleirtal får endinga «ar»), som til dømes «sarkofag», som i fleirtal, «sarkofagar», rimar på «dagar». Eit søk etter *age gjev fleire treff me kan nytta, som «hage» («hagar») og «mage» («magar»).

    Me veit òg at a-verb får endinga «ar» i notid. Eit søk etter *aga der du avgrensar søket til å gjelda verb, gjev treff på dei verba som sluttar på «aga» i infinitiv. Her må du i utgangspunktet klikka deg inn på bøyinga av kvart av verba for å sjå om dei er a-verb som dermed får «agar» i notid. Men dersom du går i menyen på ordboksida og vel «innstillingar», kan du stilla inn ordboka slik at du alltid ser bøyingstabellane utan å måtta klikka deg inn på dei. Eventuelt kan du velja å visa bøyingskodane (a-verb har koden v1, medan e-verb har v2), dersom du tykkjer det er ryddigare.

    Slik kan me nytta ordboka til å finna ord som i bøygd form rimar på eit ord som sluttar på «ar».

Å gå på leiting etter ord

Skattejakt i nettordboka er ein god strategi for å gjera språket rikare og meir levande. La oss til dømes seia at du i idemyldringa fann ut at du ville skriva om ei gate. Ved å søkja opp ordet gate i Nynorskordboka finn du bruksdøme med frasar som kan nyttast, til dømes «mannen i gata» og «i same gata». Eit søk etter gate* gjev samansette ord som byrjar på «gate», til dømes «gatebilete», «gategut», «gatelangs», «gateliv» og «gatevise». Slik kan ordboksøket utvida idémyldringa og gje elevane fleire ord og frasar som kan vera aktuelle for teksten dei skal skriva.

Nettordboka kan dessutan nyttast til å finna synonym for å variera språket. Dersom elevane vil seia at ein stad er flott, men tykkjer nett det ordet ikkje passar i samanhengen, anten det no er på grunn av talet på stavingar, av omsyn til rim eller at dei tykkjer ordet er litt oppbrukt, kan dei søkja på flott i nettordboka. Då får dei opp mange synonym og tydingar, som «framifrå», «vakker», «elegant» og «praktfull». Dersom dei klikkar seg vidare på vakker, får dei opp synonym og tydingar for det ordet, og der finn dei til dømes ordet «tiltalande». Slik kan elevane klikka seg vidare og gå på oppdagingsferd i ordboka til dei finn eit ord dei får lyst til å nytta.

Framføring/innlevering

Det finst fleire moglege måtar å sluttføra eit slikt prosjekt. Det enklaste er sjølvsagt at elevane berre leverer inn rappteksten sin skriftleg, men dersom det er tid til det, kan det vera spanande å gjera litt meir ut av opplegget. Elevane kan til dømes framføra rappen sin i klasserommet, spela inn rappen digitalt og levera i form av ei lydfil, eller til og med laga ein musikkvideo.

Kjelder

Aina Basso: «Prolog ved lanseringa av band 11 av Norsk Ordbok, september 2013» i Helene Urdland Karlsen, Lars S. Vikør og Åse Wetås (red.): Livet er æve, og evig er ordet, Samlaget 2016