Våren er her!
Finst det noko betre enn våren? Både barn og vaksne er glade i denne årstida, så kvifor ikkje setje av litt tid til å jobbe med henne? Målet er å leggje til rette for elevaktive læringsformer og drive motiverande nynorskopplæring.
Då må ein vere litt ute, ha nokre konkurransar, samarbeide og leike litt, lese, skrive og vise fram og framføre det ein har arbeidd med. Gjennom å jobbe med ordbankar, samanlikne nynorsk med bokmål og engelsk, og gjennom å lese og skrive nynorsk får elevane utvikle språkkompetansen sin samstundes som dei har det kjekt.
Varierte læringsaktivitetar, ute og inne
Ta med deg elevane ut, sug inn inntrykka av naturkulissane og la elevane skrive eit assosiasjonsdikt som har våren som tema. I undervisingsopplegget finn du også forslag til korleis ein kan jobbe med vårbingo, skodespel, frodige diktutstillingar og spelelister med utgangspunkt i våren. Bruk dei ulike oppgåvene til å byggje inn små økter med eksplisitt språkopplæring, og legg til rette for ei stimulerande og variert nynorskopplæring med aktive elevar.
Her finn du ein presentasjon med alle oppgåvene. Instruksjonen til vårbingoen står i notatfeltet til læraren. Du kan redigere presentasjonen slik du vil, og tilpasse han etter eige ønske.
Arbeidsarka det blir vist til i presentasjonen, finn du her
- Arbeidsark 1 (pdf)
- Arbeidsark 2 (pptx)
- Arbeidsark 3 (pptx)
- Arbeidsark 4 (pdf)
- Arbeidsark 5 (pdf)