• Ungdomsskule
  • Lesing
  • På med skoa – ein læringsressurs som tek utgangspunkt i fottøyet!

På med skoa – ein læringsressurs som tek utgangspunkt i fottøyet!

Ungdomar er opptatt av sko, og i denne læringsressursen får dei nærlese ein engasjerande artikkel om Nike som heiter «Frå vaffeljarn til verdsherredøme».

Gjennom å lese og arbeide med artikkelen får elevane sjølv skrive ein faktatekst om temaet. Dei skal også reflektere over korleis sko opptrer i språket vårt, og jobbe med grammatikkoppgåver. Til slutt skal elevane skrive ein skjønnlitterær tekst der sko er det sentrale motivet. Ressursen kan byggjast ut eller inn etter eige ønske.