Tverrfagleg skrivedag om søvn

Tverrfagleg tema: Folkehelse og livsmeistring

Kate stone matheson uy5t C Ju IK4 unsplash

Denne engasjerande og aktuelle skriveoppgåva handlar om temaet søvn. Vi viser her korleis ein kan leggje opp til og gjennomføre ein skrivedag for elevar i ungdomsskulen. Til opplegget følgjer det forslag til film, fagtekstar og oppgåver ein kan bruke til å aktivere forkunnskapar og byggje kunnskap om emnet.

Nok søvn er viktig for ungdomar i utvikling. Samtidig veit vi at ungdom søv stadig mindre om natta, og at det er ein tydeleg samanheng mellom skjermtid og talet på timar søvn. Nyare forsking viser også samanhengar mellom nok søvn og god psykisk helse.

Målet med opplegget er at elevane skal skrive ein fagtekst om søvn i fleire avsnitt. Teksten skal vere retta mot ungdom, og han skal gjere ungdom meir medvitne om kor viktig søvn er for god helse. Teksten skal ha overskrift, innleiing, hovuddel, avslutning, kjeldeliste og illustrasjon. Elevane skal nytte relevante fagomgrep i teksten.

I ressursen legg vi opp til at elevane skriv på teksten i to omgangar. Sjølve skrivedagen byggjer dei kunnskap og skriv eit førsteutkast. Kort tid etter skrivedagen får dei tilbakemelding på teksten sin og ei ny skriveøkt (ein til to timar) med revidering og ferdigstilling til endeleg levering.

I den vedlagde presentasjonen finn du forslag til progresjon og oppgåver som losar elevane gjennom skriveoppgåva.

Forslag til plan for dagen

Fagleg del (45–60 minutt)

  • Aktivere forkunnskap
  • Byggje kunnskap
  • Byggje fagomgrep
  • Byggje metaomgrep

Disponere tekst og skrive innleiing (30–45 minutt)

  • Bruke skriveramme og lage disposisjon
  • Skrive innleiing saman
  • Vurderingspunkt

Sjølvstendig skriving (min. 60/90 minutt – ut dagen)

  • Skrive fagtekst

1: Aktivere forkunnskap

Tenkjeskriving og parsamtalar om temaet hjelper elevane inn på temaet. Kvifor er søvn viktig? Kva gjer du dersom du ikkje får sove? Kva for nokre gode søvnvanar har du? Dette er nokre av spørsmåla elevane får reflektere over og samtale om.

(bilete 5 til 13 i presentasjonen)

Lat elevane tenkjeskrive til kvart av dei seks spørsmåla. Still eitt og eitt spørsmål, og gje dei om lag eitt minutt til å skrive til kvart spørsmål:

  • Kvifor er søvn viktig for deg?
  • Kvar likar du best å sove?
  • Korleis likar du best å sovne?
  • Kva gjer du dersom du ikkje får sove?
  • Kva for nokre gode søvnvanar har du?
  • Kva for nokre dårlege søvnvanar har du?

Lat elevane samtale og arbeide to og to om desse oppgåvene:

  • Skriv så mange plussord de greier, om søvn.
  • Skriv så mange minusord de greier, om søvn.

2: Byggje kunnskap

Her finn du ein fagfilm om søvn frå nrk.no. Du finn også tre nynorske tekstar om søvn frå Nysgjerrigper:

Filmen og tekstane eignar seg godt til å arbeide med i forkant av skrivedagen. Vedlagt ligg oppgåver til tekstane. Desse oppgåvene gir elevane eit repertoar med setningar og faglege formuleringar som dei kan ha med seg til skrivedagen. Setningane og formuleringane kan elevane ta i bruk når dei skal skrive fagteksten.

Her er fleire nynorske tekstar om temaet:

3: Byggje fagomgrep

Bruk den vedlagde tabellen og leit etter relevante fagomgrep frå fagfilmen og tekstane. Avklar kva omgrepa tyder. Elevane bør bruke fleire av desse omgrepa i teksten sin.

Skriv gjerne ei kort oppsummering om filmen og kvar tekst saman med elevane.

4: Kunnskap om fagtekst. Byggje metaomgrep

Når elevane skal skrive ein tekst, treng dei kunnskap om kva for nokre delar ein tekst er bygd opp av. Elevane bør ha kunnskap om desse metaomgrepa når dei skal skrive ein fagtekst:

  • Overskrift
  • Innleiing
  • Hovuddel (til dømes i tre avsnitt)
  • Avsnitt
  • Temasetning
  • Kommentarsetning
  • Avslutning
  • Kjelder
  • Illustrasjon
  • Bilettekst
  • Mellomoverskrifter

Ein kan godt bruke dei vedlagde fagtekstane om søvn som modelltekst til dette føremålet. De kan også bruke denne teksten om hald frå nysgjerrigper.no. Samtal om kva for nokre tekstdelar som er med, eventuelt ikkje er med, i dei ulike tekstane.

5: Bruke skriveramme for å lage disposisjon

Elevane bør lage seg ein disposisjon over teksten før dei går i gang med å skrive. Bruk gjerne vedlagde skriveramme, og ta i bruk metaomgrepa frå førre punkt i disposisjonen. Kva skal med i innleiinga? Kva skal avsnitta i hovuddelen handle om? Elevane kan godt skrive inn temasetningane for kvart avsnitt i hovuddelen, og nokre stikkord om kva kommentarsetningane bør innehalde. Mange elevar kan ofte streve med avslutninga. Bruk litt tid på å samtale om og skrive ned forslag til korleis dei kan avslutte teksten sin.

6: Skriv ei innleiing saman

Før elevane går i gang med å skrive sjølvstendig, kan ein skrive ei innleiing til fagteksten saman. Lat elevane komme med forslag til kva innleiinga skal innehalde. Ved å skrive innleiinga saman modellerer ein for elevane korleis ein tenkjer, slettar, reviderer og prøver seg fram medan ein skriv. Dette kan vere svært nyttig, særleg for elevar som strevar med å komme i gang. Dei elevane som har lyst til det, kan godt bruke denne innleiinga i sine eigne tekstar.

7: Vurderingspunkt

I presentasjonen ligg eit forslag til vurderingspunkt for teksten. Elevane kan også sjølve vere med og utarbeide vurderingspunkt. Dersom ein tenkjer det er mange vurderingspunkt i den vedlagde lista, kan elevane få i oppgåve å velje 3–5 vurderingspunkt som dei meiner er viktige for denne oppgåva.

8: Sjølvstendig skriving av førsteutkast

Resten av dagen går med til at elevane skriv ein sjølvstendig fagtekst om søvn. Denne teksten leverer dei inn som eit førsteutkast. Ein bør setje opp eit minimum av tid elevane må arbeide med teksten før dei får lov til å levere inn, til dømes 60 eller 90 minutt. Dei elevane som har lyst til det, kan skrive til skuledagen er avslutta.

9: Respons og skriving av andreutkast

Elevane bør få tilbakemelding på førsteutkastet sitt før dei arbeider med andreutkastet.

Elevane brukar vurderingspunkta og tilbakemeldingane på førsteutkastet til å revidere teksten sin i eit andreutkast. Før elevane går i gang med å skrive, kan det vere fint å ta ein felles gjennomgang av element ein ser mange strevar med, til dømes avslutning eller rett føring av kjelder.