Fjellet frå Island

Hafthor
Foto: Paula R. Lively, CC BY 2.0

Denne teksten handlar om islandske Hafthor Julius Bjørnsson, som er ein av verdas sterkaste menn. Ein dag fekk han ein uventa telefon om han ville vere med i Game of Thrones. Etter dette har han i fleire sesongar spela kjempa The Mountain i serien.

I ressursen skal elevane lese eit lengre, nynorsk portrettintervju med islendingen og bruke informasjonen som kjem fram i intervjuet, til å skrive ein fagtekst i fem avsnitt.

I arbeidet med å skrive fagteksten får elevane hjelp og støtte undervegs. Innleiinga skriv ein saman, og for kvart avsnitt får elevane forslag til temasetning og hjelp til kvar i teksten dei finn innhald til kommentarsetningar som passar til temasetninga. Dei får også hjelp til korleis dei kan skrive ei avslutning.

Ressursen er fin som ei innføring i å skrive fagtekst, og fungerer godt som samskrivingsressurs. Opplegget passar godt til ein dobbeltime i norsk, og har blitt prøvd ut på 8. trinn.

NB: Lysbilete nummer 9 inneheld noko tekst i raudt som du bør ta bort før du deler presentasjonen med elevane.

Har du testa denne ressursen?
Send gjerne tilbakemeldingar til post@nynorsksenteret.no.