Verdas nyttigaste fingergymnastikk?

Å skrive raskt og rett på tastatur er ein kompetanse elevane treng både i skulen og på fritida. For elevar som transkriberer flytande, går sjølve nedskrivinga så å seie automatisk. Elevane kan då ha overskot til å rette merksemda si mot andre faktorar i skriveprosessen.

God transkriberingskompetanse kan medverke til skriveglede for elevane, og det kan vere eit viktig verktøy for læring og arbeid med ulike fag. Elevane har nytte av denne ferdigheita når dei skriv eigne, sjølvstendige tekstar. Det vil også vere til hjelp for elevane når dei skal skrive gode notat i arbeidet med å utvikle kompetanse i alle fagområde i skulen.

I denne undervisningsressursen skal elevane lese ein nynorsk tekst om 29 år gamle Aslak Maurstad. Han arbeider som direktetekstar i NRK. Dei skal også gjere ulike øvingar der målet er å lære seg å skrive raskt, godt og rett på tastatur gjennom å skrive ned tekst dei høyrer eller les.

Skrivejenter
Illustrasjonsfoto: Ingvild Myklebust Hovden

Før lesing

Samtale

  • Kor mange ord trur de at de greier å skrive på eitt minutt?
  • Kor mange ord per minutt meiner de kjenneteiknar rask transkribering?

Spørsmåla kan ein diskutere i plenum i klassen eller i grupper. Elevane kan også svare på gule lappar som dei leverer inn. Dei kan også skrive svara sine i eit ark læraren har oppretta i Padlet eller tilsvarande løysingar.

Skrivetest

Test kor mange ord elevane skriv på eitt minutt. Denne testinga kan ein gjere på fleire måtar:

  1. To og to elevar arbeider saman. Ein elev les høgt for den andre i eitt minutt medan den andre skriv så raskt og rett han kan, på tastaturet. Eleven som les høgt, må justere tempoet etter eleven som skriv. Kor mange ord klarte medeleven å skrive rett? Deretter byter elevane roller.
  2. Kvar elev får utdelt ein tekst som ein skal sjå etter medan ein skriv. Læraren tek tida eitt minutt på elevane. Når tida er ute, tel elevane over kor mange rette ord dei har i teksten dei har skrive.

Elevane kan til dømes bruke teksten «Dei polske isbadarane».

Still spørsmålet: Tasta du like raskt per minutt som du trudde før du tok testen?

Under lesing

Les teksten «Den raskaste tekstaren i NRKs historie» saman i klassen. Medan elevane les, skal dei notere seg:

  • Kva er det viktig at ein kan når ein skal vere ein god direktetekstar?
  • Korleis kan ein øve for å bli ein god direktetekstar?

Etter lesing

Samtal i klassen om kva for nokre kvalifikasjonar ein treng om ein skal vere ein god direktetekstar. Skriv på tavla. Pass på å få med eit kriterium om at teksten elevane skriv, skal vere på nynorsk. Desse kriteria kan ein bruke når elevane etterpå skal vurdere eigne og kvarandre sine arbeid.

Prøv deg som direktetekstar

La elevane sjølve prøve seg som direktetekstarar ved å transkribere nokre minuttar av eitt eller fleire av (til dømes) desse opptaka. Tekstinga skal vere på nynorsk. Filmklippa må ein sjå utan tekst:

Vurdering

  • Kva var lett?
  • Kva var vanskeleg?
  • Kva har du fått med?
  • Kva manglar du?
  • Samanlikne kvarandre sine tekstar
  • Samanlikne teksten de har skrive, med originalteksten, eventuelt slik han er teksta av tekstaren frå NRK.

Til slutt skal kvar elev skrive eit kort refleksjonsnotat om kva (dei meiner) dei meistra godt då dei prøvde å direktetekste, og kva (dei meiner) dei bør arbeide vidare med.