Biletbøker i ungdomsskulen
Ønskjer du å arbeide med biletbøker i ungdomsskulen?
Her finn du eit heilskapleg undervisningsopplegg for korleis du kan jobbe med biletbøker i ungdomsskulen. Det er utarbeidd av norsklærar Anne Hufthammer ved Sund ungdomsskule på Sotra. Ho har arbeidd med biletbøker i undervisninga i mange år.
Å arbeide med biletbøker i ungdomsskulen er ein fin måte å jobbe med multimodale tekstar på. Læraren og/eller skulebibliotekaren kan til dømes plukke ut gode biletbøker på nynorsk til dei elevane som skal skrive analyse. Elevane som skal lage eigne biletbøker, får god tid til å jobbe med nynorsken. Undervegs i prosjektet bør ordboka på nett vere lett tilgjengeleg.
Presentasjonar til bruk i klasserommet
Heile presentasjonen i eitt dokument, med kommentarar frå norsklærar Anne Hufthammer: Biletbøker – introduksjon og arbeid med tekst og bilete (Powerpoint)
Arbeidsoppgåver til elevane og vurderingskriterium
Elevane kan velje om dei vil analysere ei biletbok eller om dei vil lage ei biletbok sjølv. Dei kan også velje om dei vil jobbe åleine eller om dei vil samarbeide med andre. Til slutt skal det det ende opp i ein presentasjon eller ein fagsamtale.
Analysere ei biletbok
Lag ei eiga biletbok
Døme på elevarbeid
Biletboka Litle Isak og den store verda er laga av elevane Helene Børnes, Anne Børnes Klepsvik og Hanna H. Øvretveit frå Sund ungdomsskule.
Tips til nynorske biletbøker
- Hans Sande og Gry Moursund: Arkimedes og brødskiva
- Sissel Horndal: Himmelspringaren
- Marianne Gretteberg Engedal: Pølsetjuven
- Kari Stai: Jakob og Neikob – Naboen
- Trude Tjensvold: Bo flyttar ut
- Frode Grytten og Gry Moursund: Gabba gabba hey!
- Rakel Helmsdal, Kalle Güettler og Áslaug Jónsdóttir: Nei! sa Veslemonster
- Manuela Olten: Ekte mannfolk
- Elin Grimstad: Månen som ville lyse som ei sol
Artikkel om biletbokprosjektet
Korleis kan ein bruke biletbøker i ungdomsskulen? Les intervju med norsklærar Anne Hufthammer: Brenn for biletbøker i ungdomsskulen.
Kompetansemål etter 10. trinn
- lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk, og reflektere over tekstenes formål, innhold, sjangertrekk og virkemidler
- bruke fagspråk og argumentere saklig i diskusjoner, samtaler, muntlige presentasjoner og skriftlige framstillinger om norskfaglige og tverrfaglige temaer
- uttrykke seg i ulike sjangre og eksperimentere med sjangre på kreative måter
- lage sammensatte tekster og begrunne valg av uttrykksformer