Brenn for biletbøker i ungdomsskulen
25.01.2019
Korleis kan ein bruke biletbøker i ungdomsskulen?
Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
– Eg synest det er heilt fantastisk å jobbe med biletbøker i ungdomsskulen! Sjølv om det tek litt tid, så får ein så mykje igjen for det, fortel lærar Anne Hufthammer.
Denne veka har elevar på 9. trinn ved Sund ungdomsskule i Hordaland byrja med eit biletbokprosjekt.
– Først får elevane ei teoretisk innføring i korleis ein kan analysere både illustrasjonar og tekst i biletbøker, fortel ho.
Deretter går ho gjennom biletboka Sinna Mann, som er skriven av Gro Dahle og illustrert av Svein Nyhus. Boka handlar om korleis ein gut og ei mor opplever det å leve saman med ein far som er valdeleg.
– Grunnen til at eg har valt akkurat denne boka, er at ho tek opp eit tema som er vanskeleg. Vi ser også døme på symbol og språklege verkemiddel som elevane skal lære om.
Ho tek seg god tid til å diskutere innhaldet i boka saman med elevane før dei ser animasjonsfilmen.
– Bileta i boka kan tolkast på ulike måtar, så her opplever eg ofte at heile klassen er aktive i diskusjonane, seier Anne.
Bakgrunn
Tidlegare har Anne teke eit studium i barne- og ungdomslitteratur ved Universitetet i Agder. Ho vart svært inspirert av forelesinga til Agnes-Margrethe Bjorvand, og Anne bestemte seg for å starte eit prosjekt ved Sund ungdomsskule. Ho har utvikla biletbokprosjektet over fleire år. I fire til fem veker får elevar på 9. trinn fordjupe seg. Når dei har fått ei innføring i teorien som ligg bak, får dei velje mellom to ulike arbeidsoppgåver.
– Dei kan velje om dei vil lage ei biletbok sjølve eller analysere ei biletbok som finst frå før. På den måten finn både dei kreative og analytiske elevane ei arbeidsform som passar for dei, forklarer Anne.
Nokre vel å jobbe åleine, nokre i par og andre i grupper på tre.
– Valfridomen verkar motiverande på elevane, føyer ho til.
Lærarane hjelper elevane undervegs, og når produkta er ferdige, skal elevane ha ein fagsamtale eller ein presentasjon.
Språk og samarbeid
Arbeidet med det nynorske språket er ein viktig del av prosjektet. Elevane bruker både ordbok og synonymordbok flittig.
– Elevane som lagar biletbøker, har avgrensa plass til tekst. Dei skal seie mykje på liten plass. Dei må smake på orda og prøve seg fram. Dei som skal skrive analyse av biletbøker, får god tid til å jobbe med nynorsk som fagspråk. Dei vert dermed veldig bevisste på korleis dei skriv, forklarer Anne.
Skulen har kjøpt inn ein del biletbøker, men det trengst mange bøker når fire klasser skal ha prosjektet samstundes.
– Samarbeidet med biblioteket er veldig viktig. Biblioteket har hjelpt oss med å sikre tilgang til fleire gode biletbøker.
Verdt tida
Biletbokprosjektet har gått over fleire år. Anne er imponert over det tidlegare elevar har fått til, og ho ser fram til å sjå nye elevarbeid ta form.
– Biletbøker passar godt inn i ungdomsskulen fordi elevane skal lære om multimodale tekstar. Elevane lærer å tolke bilete på ein veldig god måte. Det er også viktig at elevane ser at biletbøker ikkje nødvendigvis er berre for små barn. Sinna Mann er ei sterk bok som tek opp eit vanskeleg tema, seier Anne.
Fordelane med å jobbe på denne måten, er at teori og praksis går hand i hand. Elevane får eit djupdykk inn i teorien når dei gjer det på denne praktiske måten.
– Samarbeid, kreativitet, kritisk tenkjing, kommunikasjon og karakterdanning er viktige stikkord i fagfornyinga. Dermed passar biletbokprosjektet godt inn, oppsummerer Anne.
Nynorsksenteret deltok i oppstarten av prosjektet med faglege og økonomiske ressursar. I samarbeid med Anne lagar no Nynorsksenteret ressursar til inspirasjon for andre lærarar.