Hjerneorgasme – ein ressurs om positiv kribling

Har du sett videoar av slim som vert blanda saman, knivar som går sakte gjennom sand, eller appelsinar som vert pressa saman av eit lodd? Det har garantert elevane dine. Gjennom å arbeide med artikkelen «Hjerneorgasme» får elevane lese ein engasjerande tekst som dei heilt sikkert har synspunkt på eller kommentarar til. Ressursen er bygd opp av ulike samtalespørsmål, og arbeidet vert avslutta med at elevane skal lage ein kreativ informasjonsfilm om temaet. Ressursen kan byggjast ut eller inn etter eige ønske.