Ungt språkengasjement

Nynorsk kultursentrum har laga ei digital utstilling som dei har kalla Ungt språkengasjement. Utstillinga er bygd på den 60-årige historia til Norsk Målungdom og gir oss eit innblikk i kva saker og stridsspørsmål dei har vore opptekne av gjennom seks tiår.

Her kan dokker gjere dokker kjente med utstillinga: Ungt språkengasjement.

Elevdemonstrasjon1997
Demonstrasjon i Bergen for retten til nynorske læremiddel, 13. mai 1997. (Foto: Norsk Målungdom-samlinga, Nynorsk kultursentrum)

Denne utstillinga kan vere utgangspunkt for ulike måtar å arbeide med språk på. Ein kan velje seg eit hovudområde eller ein tidsepoke ein vil sjå nærare på. Her kjem to forslag til kva ein kan arbeide med:

Multimodal tekst

Utstillingsskjermdump
Illustrasjon frå nettutstillinga Ungt språkengasjement. Henta frå nynorsk.no

Ungt språkengasjement er ei digital utstilling, og dermed det vi kan kalle ein samansett tekst eller ein multimodal tekst. Oppgåver til dette punktet finn du her:

  • Oppgåver – multimodal tekst

    Last ned som Word-dokument: Samansett tekst (docx)

    Samansette/multimodale tekstar er sette saman av ulike element som t.d. tekst, skrift i ulike fontar og storleikar, bilde, video, grafisk utforming, lyd, fargar, musikk og interaktive funksjonar. Det er ikkje sikkert at alle desse finst i same samansette tekst, men nokre av dei er med. Dei ulike uttrykka skal fungere saman som ein heilskap.

    Innleiande oppgåver:

    1. Skaff deg eit overblikk over utstillinga først, og lag deg eit inntrykk av kva ho handlar om. Diskuter deretter med læringspartnaren din kva dokker legg merke til.
    2. Finn ut kva ulike element (tekst, bilde, lyd…) som blir brukte i Ungt språkengasjement. Kva element legg du først merke til? Kva type element er dominerande i utstillinga?
    3. Kven er avsendar, og kva er formålet med utstillinga?
    4. Kven er mottakarar for utstillinga? Grunngje svaret.

    Teksten:

    1. Er teksten informativ, ekspressiv eller appellativ? (etos, patos, logos)
    2. Argumenterer teksten? I så fall; er det open eller skjult argumentasjon?
    3. Kva ord blir brukt i teksten? Er det nøytrale ord, eller er orda positivt eller negativt ladde? Er det ord du ikkje forstår?
    4. Korleis vil du skildre stilnivået i teksten? Er det kvardagsspråk, ungdommeleg slang, høgtidsspråk, ekspertspråk eller andre uttrykksformer?
    5. Blir det brukt språklege bilde? Metaforar, samanlikningar, kontrastar, gjentakingar m.m.

    Det visuelle:

    1. For kvart tiår er det eit fotografi der skrivebordet og veggen bak er den same. Nokre andre element går også igjen, som korktavla, kalenderen, lampa og skrivereiskapen. Men kva endrar seg? Kva ønskjer dei som har laga utstillinga, å få fram?
    2. Overskriftene for kvart tiår er også ulike. Kva funksjon har det?
    3. Korleis fungerer tekst og bilde saman?
    4. Sjå på fargebruken på dei ulike bilda. Kva verknad har bruken av fargar/svart-kvitt?
    5. Vel eit klistremerke, eit flygeblad eller ein plakat, og beskriv nærare korleis det er sett saman av tekst, bilde, fargar m.m. I kva samanheng blei det du har valt, brukt?
    6. Bilde av Ivar Aasen har blitt brukt som symbol i mange samanhengar, mellom anna på eit russekort. Kva er formålet med dette?

    Vurdering:

    1. Kva likte du best med denne utstillinga? Var det noko du ikkje likte? Grunngje svaret ditt.
    2. Korleis synest du den digitale utstillinga fungerer? Er formidlinga slik at bodskapen når fram til mottakarane?
    3. Kva er fordelane og ulempene ved å sjå ei digital utstilling samanlikna med å sjå ei fysisk utstilling?

Moderne språkhistorie

Bli kjent med Norsk Målungdom som organisasjon og dei sakene dei har kjempa for. Dette er ein viktig organisasjon i den moderne språkhistoria i Noreg.

  • Samtaleoppgåver – moderne språkhistorie

    Drøftingsoppgåver

    Last ned drøftingsoppgåvene som Word-dokument: Samtaleoppgåver (docx)

    Desse oppgåvene er i utgangspunktet til drøfting i timane.

    Del klassa i grupper, gje dei 20 minutt til å lese materialet og la dei ulike gruppene diskutere i 10 minutt. La kvar gruppe presentere sine tema for resten av klassa.

    Oppgåvene kan òg brukast som utgangspunkt for langsvarsoppgåver (800–1200 ord).

    1. Kampen for læremiddel på språket sitt
      Gå inn på den digitale utstillinga og prøv om du/de kan finne ut korleis Norsk Målungdom har arbeidd for nynorske læremiddel gjennom ulike tiår.

      Kva har Norsk Målungdom meint har vore utfordringar, og korleis har dei argumentert for synet sitt? Kva har vore problema som har hindra nynorskelevar i å få læremiddel på sitt eige språk?

      Sjå særleg på tekstane Kampen for læremiddel på nynorsk, Norsk Målungdom på 1990-talet og Kampen for digital nynorsk. Sjå om de finn materiell på pultane frå 1970-talet, 1990-talet og 2000-talet om dette temaet.

    2. Kampen for dialektene
      Gå inn på den digitale utstillinga og prøv om du/de kan finne ut korleis Norsk Målungdom har arbeidd for at det skal vere lov å bruke dialekt offentleg.

      Kva har Norsk Målungdom meint har vore problema som har hindra folk i å bruke dialekt? Korleis har Norsk Målungdom argumentert for synet sitt? Kva problem meiner gruppa finst for dialektane og dialektbruk i dag?

      Sjå særleg på tekstane Kampen for dialektene, Norsk Målungdom på 1970-talet og Norsk Målungdom på 2010-talet. Sjå om de finn materiell på pultane frå 1970-talet, 1980-talet og 2000-talet om dette temaet.

    3. Kampen for språkmangfald
      Gå inn på den digitale utstillinga og prøv om du/de kan finne ut korleis ulike organisasjonar har jobba for språkleg mangfald og minoritetsspråk i Noreg.

      Kva har Norsk Målungdom og andre meint har vore problema for språkmangfaldet, kvensk, samiske språk og norsk teiknspråk? Kva problem meiner gruppa finst for språkleg mangfald i dag?

      Sjå særleg på tekstane Kampen for språkmangfald, Kvensk: Kvääninuoret – Kvenungdommen, Samisk: Noereh, Davvi Nuorra, NSR-U og andre og Norsk teiknspråk: Norges Døveforbunds Ungdom. Sjå om de finn materiell på pultane frå 1990-talet, 2000-talet og 2010-talet om dette temaet.

    4. Ungt språkengasjement – demokrati og medborgarskap?
      Gå inn på den digitale utstillinga og prøv om du/de kan finne ut korleis Norsk Målungdom og andre organisasjonar har arbeidd med demokratiske hjelpemiddel som til dømes demonstrasjonar, lobbyarbeid og utspel i pressa.

      Korleis kan engasjement og arbeid med språk høyre saman med demokrati og medborgarskap? Er kampen for eit språk, særleg eit mindretalsspråk, eit spørsmål som berre gjeld den aktuelle språkgruppa, eller gjeld det heile samfunnet vårt?

      Sjå til dømes på tekstane Kampen for læremiddel på nynorsk, Samisk: Noereh, Davvi Nuorra, NSR-U og andre og Norsk teiknspråk: Norges Døveforbunds Ungdom. Sjå om de finn materiell på pultane frå 1970-talet, 1990-talet og 2010-talet om dette temaet.

    5. Kampen om sidemål i skulen
      Gå inn på den digitale utstillinga og prøv om du/de kan finne ulike argument for og mot obligatorisk opplæring i både nynorsk og bokmål, frå Norsk Målungdom, Ungdommens Riksmålsforening og andre.

      Norsk har to offisielle skriftspråk, bokmål og nynorsk. På skulen skal elevane skrive begge desse skriftspråka. Finn argument i utstillinga for at dette er ei rett ordning, og argument for at det er nok å kunne skrive det eine av dei.

      Sjå særleg på tekstane Kampen for sidemål, Norsk Målungdom på 2010-talet og Riksmål: Studentenes Riksmålsforening, Ungdommens Riksmålsforening og fleire. Sjå om de finn materiell på pultane frå 1970-talet, 1980-talet, 2000-talet og 2010-talet om dette temaet.

    Diskusjonsoppgåver

    • Kva språklege rettar meiner du det kan vere verdt å kjempe for i dag?
    • Kva er det med språk/identitet som gjer at så mange tusen elevar og studentar går i demonstrasjonstog for dei språklege rettane sine?
    • Kjenner du ein person som er svært opptatt av språk? Intervju vedkommande om kva ho/han er opptatt av og kvifor.
    • Språkengasjement har også ført til slike ting som at nynorske ordlister har blitt brende, og samiske skilt har blitt skotne på. Kva trur dokker ein slik motvilje mot andre sitt språk har botna i? Kvifor trur dokker nokre kjenner seg trua av at andre kjempar for språkrettane sine?
    • Nokre hevdar at både nynorsk og bokmål er på vikande front i forhold til engelsk. Finn døme på stader der engelsk blir brukt i staden for norsk, og kva som kan vere grunnane til det. Trur du at norsk er eit døyande språk? Kvifor/kvifor ikkje?
    • Er det dei store teknologigigantane som styrer kva språk vi skal bruke? Vi høyrer om verksemder som sluttar å bruke nynorsk fordi dei ikkje får treff i søk på Google, og at mange plattformer har manglande stavekontroll på nynorsk. Korleis er det mogleg å bruke forbrukarmakta vår til å krevje endringar?
  • Skriveoppgåver – moderne språkhistorie

    Last ned skriveoppgåvene som Word-dokument: Skriveoppgåver (docx)

    1. Korleis har ungdom engasjert seg politisk for nynorsk? Vel deg ut eit tema, skriv ein kort fagartikkel på kring 200–300 ord om korleis unge har engasjert seg i denne saka, og nemn døme frå ulike tiår.

    Sjå særleg på den aktuelle temaartikkelen og tiårartiklane i utstillinga.

    Vel eitt av desse temaa:

    • Kampen for læremiddel på nynorsk
    • Arbeid for nynorskbrukande studentar
    • Kampen for digital nynorsk

    2. Korleis har ungdom kjempa for språka sine? Vel eitt av språka, og skriv ein kort fagartikkel på 200–300 ord der du skriv om korleis unge har engasjert seg for dette språket. Sjå særleg på artiklane om samisk, riksmål, kvensk, teiknspråk og teksten Kampen for språkmangfald i utstillinga.

    Vel eitt av desse språka:

    • Samisk: Noereh, Davvi Nuorra, NSR-U og andre
    • Kvensk: Kvääninuoret – Kvenungdommen
    • Riksmål: Studentenes Riksmålsforening, Ungdommens Riksmålsforening og fleire
    • Norsk teiknspråk: Norges Døveforbunds Ungdom

    3. Korleis har ungdom argumentert visuelt for nynorsk? Vel to klistremerke eller to plakatar frå to ulike tiår, og skriv ein kort fagartikkel på 200–300 ord der du samanliknar korleis ungdom i ulike tiår har argumentert for nynorsk. Sjå særleg på tekstane om gjenstandane og tekstane frå dei aktuelle tiåra i utstillinga.

    4. Korleis har ungdom argumentert retorisk for nynorsk? Vel deg eit slagord frå eit tiår, skriv ein kort fagartikkel på 200–300 ord der du samanliknar korleis ungdom i ulike tiår har argumentert for nynorsk. Bruk omgrep frå retorikken. Sjå særleg på tekstane om gjenstandane slagorda står på, og tekstane frå dei aktuelle tiåra i utstillinga.

    Vel eitt av desse slagorda:

    • Nynorsk byggjer på dialektane. Snakk dialekt, skriv nynorsk (1970-talet)
    • Nynorsk er tøft! (1980-talet)
    • Knus bokmålsveldet. Kjøp nynorske lærebøker! (1990-talet)
    • Nynorsk for alle! (1990-talet)
    • Er big bite betre enn pølser? (2000-talet)
    • Streik for lik rett til utdanning! (2000-talet)
    • Slepp nynorsken til! (2000-talet)

Målsettinga med denne ressursen

  • Sjå og orientere seg i ei digital utstilling.
  • Finne ut korleis kampen for nynorske læremiddel har vore i fokus over tid.
  • Finne ut kva Norsk Målungdom har vore opptatt av i ulike tiår.
  • Reflektere over: Kva engasjement for språk har du sjølv?
  • Kunne tolke og arbeide med ein samansett tekst.

Aktuelle kompetansemål

  • 10. tinn norsk: forklare den historiske bakgrunnen for bokmål og nynorsk og reflektere over statusen til dei offisielle språka i Noreg i dag
  • Utforske språkleg variasjon og mangfald i Noreg og reflektere over haldningar til ulike språk og talespråkvariantar
  • 10. trinn samfunnsfag: drøfte korleis framstillingar av fortida, hendingar og grupper har påverka og påverkar haldningane og handlingane til folk
  • Norsk Vg2 SF og Vg3 påbygging: gjere greie for den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i Noreg i dag
  • Norsk Vg3 SF og Vg3 påbygging: gjere greie for endringar i talespråk i Noreg i dag og reflektere over samanhengar mellom språk, kultur og identitet.
  • Analysere uttrykksformer i samansette tekstar i ulike medium og vurdere samspelet mellom dei.
  • Historie Vg2 og Vg3 påbygging: utforske fortida ved å stille spørsmål og hente inn, tolke og bruke ulikt historisk materiale for å finne svar
  • Historie Vg3 og Vg3 påbygging: samanlikne ulike framstillingar av ei hending og reflektere over at historiske framstillingar er prega av ståstaden og konteksten til opphavspersonen