Lesing

Å kunna lesa som grunnleggjande ferdigheit er både ein føresetnad og ein viktig reiskap i læringsarbeidet i faga. Ei god leseopplæring må leggja vekt på å utvikla dei språklege ferdigheitene til elevane.

Nynorske fagomgrep er mindre brukte enn dei tilsvarande fagomgrepa på bokmål. Difor er det viktig å arbeida grundig med både uttrykk og innhald i klasserommet. Det kan ein gjera på ulike måtar, til dømes ved å bruka fagomgrep og andre ord i lærebokteksten/fagteksten i tokolonnenotat, avsnittsskjema eller tankekart. Det er også nyttig om læraren brukar dei nynorske fagomgrepa i faglege samanhengar, både munnleg i klassesamtalar og gjennomgang av fagstoff, og skriftleg i modelltekstar, skriveoppgåver og på tavla. På den måten modellerer han/ho bruken for elevane. Å samanlikne fagomgrep og andre ord og frasar på bokmål og nynorsk gjev også god språklæring.

For å verta ein god nynorsklesar, må ein lesa mykje på nynorsk, lesa variert: både fagtekstar, skjønnlitteratur og ymse tekstar frå mediekvardagen, og læra høvelege lesestrategiar å ta i bruk i møte med ulike tekstar. Fagtekstar krev andre tilnærmingar både før, under og etter lesing enn spenningsforteljingar. Når ein les fagtekstar er det viktig å identifisera føremålet med teksten (t.d. å forklara, beskriva, rapportera ...), forstå kva han handlar om, finna ut kva viktige ord og omgrep i teksten tyder med meir, medan det med spenningsforteljingar ofte kan vera fint å la seg riva med.

Brandon mowinkel H2b1a5 WNSW0 ikon
Sigerstalen i presidentvalkampen i USA

I dette undervisningsopplegget finn du døme på korleis du kan arbeide med retorikk i samband med presidentvalet i USA. Nynorsksenteret har omsett utdrag frå sigerstalen til nynorsk og har utarbeidd nokre oppgåver til utdraget.

Grunnlov Kvadrat
Grunnlova på nynorsk og bokmål

Slik kan du bruke dei to utgåvene av Grunnlova som utgangspunkt for å arbeide samanliknande med nynorsk og bokmål.

Stavanger
Lærebok på nynorsk i eit anna fag enn norsk

Når elevar med bokmål som hovudmål har lærebok på nynorsk i eit anna fag enn norsk, kan dei tileigne seg kunnskapar i faget samstundes som dei blir fortrulege med å lese og skrive nynorsk.