Lærebok på nynorsk i eit anna fag enn norsk – for elevar med nynorsk som sidemål
Nokre skular på ungdomssteget og vidaregåande har teke del i utviklingsarbeid der målet var å fornye sidemålsopplæringa i nynorsk ved å ta i bruk språket i eit anna fag enn norsk. Lærarane har erfart at når læreboka er på nynorsk i eit anna fag enn norsk, kan elevane tileigne seg kunnskapar i faget samstundes som dei blir fortrulege med å lese og skrive nynorsk. Å lære ord og fagomgrep på to målformer gir ei utvida forståing i faget fordi elevane får eit stort ordtilfang om eit fenomen. Denne læringssituasjonen opnar opp for kontrastiv språkopplæring der kvardagsspråk og fagspråk blir sett opp mot kvarandre og samanlikna med omgrep på nynorsk og bokmål. Slik undervisning skaper medvit om kravet til presisjon i språket og gjer elevane motiverte for å lære sidemålet sitt fordi dei kan bruke det i ein meiningsfull samanheng.