Digitale ressursar

Opplæringslova slår fast at alle elevar i norsk skule har rett til å få læremidla sine på nynorsk i alle fag, og at denne retten gjeld på same vis for digitale læremiddel som for tradisjonelle læremiddel på papir. Skulane har dermed ikkje lov til å ta i bruk digitale læremiddel som ikkje finst på nynorsk.

Windowsspraakval Ikon
Slik får du Windows på nynorsk

Slik kan du enkelt laste ned og installere den nynorske språkpakken for Windows.

Officespraakikon
Slik får du Office-pakken på nynorsk

Instruksjonar for korleis du får Office (Word, Excel, Powerpoint osb.) på nynorsk på Windows-maskiner.

Teams Ikon
Slik får du Teams på nynorsk

Her finn du enkle instruksjonar som fortel korleis du vel nynorsk som språk i Microsoft Teams.

Skrible Logo
Skrible

Skrible er eit skriveverktøy som kombinerer språkteknologi og pedagogikk. Som lærar kan du på førehand definere kva verktøyet skal vurdere i kvar av elevtekstane. Både grensesnittet og stavekontrollen finst på både nynorsk og bokmål, og Skrible fungerer på alle plattformer.

Nynorsk Ovingsrom
Nynorsk øvingsrom

Nynorsk øvingsrom er eit interaktivt nynorskkurs frå Språkrådet. Ta kartleggingstesten, plukk øvingsoppgåver fritt eller skreddarsy di eiga øvingsrekkje.

Ordbok
Nynorskordboka

Nynorskordboka er ei oppdatert nynorsk nettordbok, med bruksdøme, opplysingar om tydingar og korte etymologiar.

I tillegg til nettutgåva finst ho som app for iOS og Android.