Slik får du Office-pakken på nynorsk

Denne oppskrifta er for Windows-maskiner (instruksjonar for andre plattformer ligg på denne Office-sida frå Microsoft).

  1. Opne Word og gå inn på Fil > Alternativer > Språk.
  2. Trykk på peikaren som heiter «Installer flere visningsspråk fra Office.com» (eller «Få fleire språk for vising og hjelp frå Office.com», ordlyden varierer litt).
  3. Vel «Norsk (nynorsk)» i lista som kjem opp, og trykk på «installer».
  4. No kjem du inn på nedlastingssida til Microsoft. Trykk på «Last ned».
  5. Når du får spørsmål om kva du vil gjere med den nedlasta fila, trykkjer du på «Køyr» og godtek at appen gjer endringar på eininga di.
  6. Når installasjonen er ferdig (det kan ta nokre minutt), opnar du Word att. Der går du inn på Fil > Alternativ > Språk.
  7. Sjå til at «Norsk (nynorsk)» ligg som øvste redigeringsspråk, at korrektur er installert, og at nynorsk står som skjermspråk/visingsspråk.