Eksamen på nynorsk

Eksamen

Treng elevane dine eksamenstrening? Med dei nye læreplanane etter LK20 kjem det også nye eksamensoppgåver i norsk. Våren 2023 blir det gitt to oppgåver, ei obligatorisk kortsvarsoppgåve og ei langsvarsoppgåve der elevane kan velje mellom fleire alternativ. Her finn du døme på slike oppgåver.

Kortsvarsoppgåver

Her er nokre framlegg til kortsvarsoppgåver som vi på Nynorsksenteret har laga til etter mønster frå eksempeloppgåvene. Elevane skal skrive 200–300 ord.

Utruleg trist
«Utruleg trist at så mange bruker homoskjellsord» (docx)

Døme på kortsvarsoppgåve med utgangspunkt i ein tekst frå Framtida.no.

Tord Foleson
Per Sivle: Tord Foleson (docx)

Døme på kortsvarsoppgåve med utgangspunkt i diktet Tord Foleson av Per Sivle.

Peparkorn Vesaas
Tarjei Vesaas: Peparkorn (docx)

Døme på kortsvarsoppgåve med utgangspunkt i novella Peparkorn av Tarjei Vesaas.

Ludvig14
Ludvig 14. og barokken (docx)

Døme på kortsvarsoppgåve med utgangspunkt i eit måleri frå barokken.

Haavamaal
Håvamål (docx)

Døme på kortsvarsoppgåve med utgangspunkt i eit utdrag frå Håvamål.

Gloym klimaangst
Gløym klimaskam og dårleg samvit (docx)

Døme på kortsvarsoppgåve med utgangspunkt i ei meiningsytring i avisa Framtida.no.

Elias Blix Barndomsminne
Elias Blix: Barndomsminne frå Nordland (docx)

Døme på kortsvarsoppgåve med utgangspunkt i Barndomsminne frå Nordland av Elias Blix.

Langsvarsoppgåver

Her er nokre framlegg til langsvarsoppgåver som vi på Nynorsksenteret har laga til etter mønster frå eksempeloppgåvene.

Fattigdom i Noreg
Fattigdom i Noreg (docx)

Langsvarsoppgåver med utgangspunkt i ulike tekstar som handlar om velstandssamfunnet og problemstillingar rundt fattigdom i Noreg

Ungt spraakengasjement
Ungt språkengasjement (docx)

Døme på langsvarsoppgåver (tolking, fagartikkel og essay) der elevane skal ta utgangspunkt i den digitale utstillinga Ungt språkengasjement.

Torkildsen Heime aaleine
Terje Torkildsen: Heime-aleine-fest (docx)

Døme på langsvarsoppgåve der eleven skal tolke novella Heime-aleine-fest av Terje Torkildsen.

Epleferda i Hardanger
Epleferda i Hardanger (docx)

Døme på langsvarsoppgåver (reklameanalyse og essay) med utgangspunkt i reklamen Epleferda i Hardanger og måleriet Brudeferden i Hardanger.

Ella Marie
Samisk identitet (docx)

Døme på langsvarsoppgåver (fagartikkel og essay) med utgangspunkt i to tekstar om samisk identitet.

  • Forklaring av verb som blir brukte i eksamensoppgåver

    I eksamensoppgåvene blir det brukt verb som seier kva elevane skal gjere. Her ser du forklaring av desse verba.

    Last ned som Word-fil: Forklaring av verb (docx)

    Gjere greie for

    Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.

    Drøfte

    Å drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon.

    Reflektere over

    Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.

    Vurdere

    Å vurdere er å sjå nøye gjennom ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømme kvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei verdsetjing eller ein konklusjon.

    Analysere

    Å analysere er å undersøke ei sak, ein gjenstand eller eit omgrep for å få avdekt ein bodskap eller ei meining. Å analysere kan bety grundig og systematisk behandling av enkeltelement og samanhengen mellom dei. Analysen kan også gjelde ein arbeidsprosess.

    Tolke

    Å tolke er å bygge opp ei oppfatning eller forståing av meiningsinnhaldet i eit fenomen, ein praktisk situasjon eller eit kunstnarisk uttrykk. Forståinga bygger ofte på ein analyse av enkeltelement og samanhengen mellom dei.

    Samanlikne

    Å samanlikne er å undersøke likskapar og forskjellar mellom to eller fleire forhold.

Meir om eksamen

  • NOR1267 Norsk hovudmål vg3
  • NOR1268 Norsk sidemål vg3
  • Læreplankode NOR01-06

Med dei nye læreplanane etter LK20 kjem det også nye eksamensoppgåver i norsk for studieførebuande vg3, førebels berre bestemt for eksamen våren 2023.

https://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/slik-endrer-vi-eksamen/eksempeloppgaver-norsk/

Udir skriv at oppgåvene til eksamen i norsk og norsk for elevar med samisk som førstespråk, i 2023 kjem til å ha oppgåvetypar som liknar dei vi er kjente med frå dagens eksamen. Elevane skal vise fagkompetanse ved å skrive sjølvstendige tekstar i ulike sjangrar og for ulike formål, der dei både kan utforske, reflektere, gjere greie for og drøfte innhald. Det blir gitt to oppgåver, ei obligatorisk oppgåve som krev eit kortare svar, og ei oppgåve med fleire alternativ til val som krev eit lengre, meir utfyllande svar.

Læreplanen beskriv den kompetansen kandidatane skal oppnå i faget. Dette inneber at kandidatane til eksamen skal nytte kunnskapar og evner til å løyse oppgåver i kjente og ukjente samanhengar og situasjonar. Kompetanse inneber òg forståing og evne til refleksjon og kritisk tenking.

Eksamenstida er fem timar.

Hjelpemiddel

Elevane kan bruke alle hjelpemiddel, som kjelder, ordbøker og andre verktøy, med følgjande unntak:

  • Dei har ikkje lov til å kommunisere med andre under eksamen, inkludert samskriving, chat eller liknande.
  • Dei har ikkje tilgang til ope internett, men dei kan bruke eit utval tillatne nettsider.

Kjelder

Elevane må føre opp kjeldene sine slik at sensor kan finne fram til dei. Det inneber at dei må føre opp

  • namn på forfattar og tittel på bøker og annan litteratur
  • nettadresse og dato for når dei henta informasjonen frå internett

Svara blir kontrollerte for plagiat. Viss elevane ikkje har oppgitt kjelder dei har brukt, kan det påverke vurderinga.