«Endeleg er eg arbeidslaus. Dette er ein open jobbsøknad til absolutt alle»

Erlend Skjetne01 tilweb
Erlend Skjetne. Foto: Leikny Havik Skjærseth

Retorisk analyse

Det å skrive ein retorisk analyse er ein av oppgåvetypane som blir gitt til eksamen i norsk på vidaregåande. Ein retorisk analyse er ei kritisk lesing av ein tekst, med sikte på å finne ut korleis avsendaren vender seg til mottakarane. Kva vil vedkommande med teksten sin? Er hovudsiktemålet å informere, overtyde, eller å røre ved kjenslene til den som les? Vi må også vurdere om avsendaren er truverdig, og sjå på kva område eller førestillingar (topos) vedkommande hentar argumentasjonen sin frå. Dersom lesarane har kunnskapar om området det blir skrive eller snakka om, er det enklare å vere ein kritisk lesar og kunne avsløre argumentasjonen i andre sine tekstar. 

Eit godt utgangspunkt kan vere spørsmålet: Kven seier kva til kven, på kva måte og med kva effekt? 

Her finn du teksten «Endeleg er eg arbeidslaus. Dette er ein open jobbsøknad til absolutt alle». Teksten er skriven av Erlend Skjetne i 2016 og er publisert første gong på Framtida.no  

Skriv ut teksten, oppgåver og skriveramme.  

Oppgåver

  1. Skriv ein retorisk analyse av denne teksten. Dersom elevane treng støtte i skrivearbeidet, kan dokker bruke skriveramma som eit utgangspunkt. 
  2. Finn ei sak du engasjerer deg i og meiner noko om. Tenk igjennom korleis du vil argumentere for synspunktet ditt. Du kan sjå etter aktuelle saker på framtida.no om du treng inspirasjon. Prøv å overtyde klassevenen din om synet ditt ved først å bruke etos (truverd), sidan patos (vekke kjensler) og logos (faktiske argument). Skriv ned minst eitt argument med kvar av appellformene. 
  3. Vel ut eit produkt du liker (t.d. sjokolade, sjampo, skomerke) og spel på kjensler når du skal overtyde klassevenen din om kjøpe produktet du tilrår. 
  4. Korleis ville du ha skrive ein søknad om sommarjobb i Erlend Skjetne-stil? 
  5. Lag ein haldningskampanje for trafikksikring, kosthald, kondombruk e.l. Finn tips til framgangsmåte på NDLA.
  6. Hatytringar eller hatretorikk har som formål å nå dei negative kjenslene. Gje døme på slik negativ retorikk og kven han rammar. 
    Du kan gjerne lese desse artiklane: 
    Hatytringar aukar i omfang: – Ein farleg tanke at ord ikkje skadar 
    – Dei som skriv hatytringar er ikkje einsame ulvar 
    Hatefulle ytringar kan straffast med bøter eller fengsel i inntil tre år, jf. Straffelova §185. Denne lova gjeld også ytringar i sosiale medium. Finn døme på at nokon er dømd for hatefulle ytringar. Diskuter innhaldet i lovparagrafen, og i kva grad dokker trur at lova verkar til å hindre hatytringar. Diskuter også kvar grensene mellom ytringsfridom og hatytringar bør gå.