Vanlege spørsmål

Her finn du svar på vanlege spørsmål.

Kvar finn eg gode nynorske bøker for aldersgruppa?

  • Nynorskbok.no kan du finne omtalar av hundrevis av gode bøker for ulike aldersgrupper.
  • Dersom det er bøker du ikkje finn i den lokale bokhandelen, kan du stort sett få tak i dei frå Handlenett.no eller andre nettbokhandlar. Eller få biblioteket til å låne dei inn for deg.

Kvar finn eg kjeldestoff på nynorsk?

Kvar finn eg nynorskordlister og ordbøker på nett?

  • Nynorskordboka – ei nettordbok som viser skrivemåtar og bøying i tråd med dei gjeldande normene. Ho finst òg som app.
  • Lexin – fleirspråklege ordbøker
  • Frå bokmål til nynorsk – ordliste frå Språkrådet som viser kva ulike bokmålsord heiter på nynorsk

Kvar finn eg grammatikkøvingar på nett?

Språkrådet har laga eit nynorsk øvingsrom for elevar. Du finn øvingane på elevrom.sprakradet.no.

Kven kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål?

Elevar som har hatt rett til særskild språkopplæring på ungdomsskulen eller på i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Det same gjeld elevar som på ungdomsskulen eller i vidaregåande har hatt opplæring på internasjonale skular og utanlandske skular etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller annan jamgod plan. Det er i tillegg lov med fritak for elevar som på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målformene, og for elevar som ikkje har gjennomgått ungdomsskulen. Berre den skulen eller fylkeskommunen som kan skrive ut vitnemål for den det gjeld, kan gjere enkeltvedtak om fritak frå vurdering i skriftleg sidemål.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter.

Les meir i forskrifta til opplæringslova.

Kva reglar gjeld for retten til læremiddel på eige mål?

Eleven har rett til læremiddel på ønskt målform. Skulen har ikkje lov til å ta i bruk læremiddel som ikkje ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid. Med læremiddel meiner ein alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa. Les meir i opplæringslova og forskrifta.

Er det andre reglar for digitale læremiddel enn for læremiddel på papir?

Nei. Forskrifta til opplæringslova seier at dei same krava gjeld for digitale læremiddel som for læremiddel på papir.

Kven har ansvar for at elevane får læremiddel på målforma si?

Skuleeigar har ansvar for at elevane får læremiddel på målforma si. Dette gjeld uavhengig av kor mange elevar som brukar bokmål og nynorsk i kommunen eller fylkeskommunen. Skuleeigaren skal ha eit forsvarleg system for å sikre at retten til eleven vert oppfylt. Meir detaljar finn du i forskrifta til opplæringslova.