Skjønnlitteratur
Frå tekst til tribune – om Blix, språk og felles kulturarv
Kva har ein 130 år gammal nynorsk song med FK Bodø/Glimt å gjere – og kva kan livet og arbeidet til Elias Blix fortelje oss om det norske samfunnet? Dette undervisingsopplegget gir elevane ein konkret og engasjerande inngang til norskfagleg arbeid gjennom songen «Å, eg veit meg eit land» (Barndomsminne frå Nordland).
Kvit, norsk mann – arbeid med ein samfunnsaktuell, lyrisk tekst i klasserommet
I dette læringsopplegget skal elevane arbeide med tre av dikta til Brynjulf Jung Tjønn og blant anna reflektere over kva dei seier om det norske samfunnet. Gjennom høgtlesing, skriveoppgåver, tekstsamtalar og innspeling av podkast skal elevane reflektere over dikta.
Stormfulle høgder til nye generasjonar
Korleis kan vi gjere ein 1800-talsklassikar levande for nye generasjonar? I dette opplegget for 10. trinn og vgs. arbeider elevane med eit utdrag frå nynorskutgåva av Stormfulle høgder og set teksten i dialog med film og musikk frå vår eiga samtid. Målet er å vekkje leselyst, styrkje tolkingsevna – og arbeide med tekst i kontekst.
Ulike ressursar om Jon Fosses dikting
Undervisingsopplegg, opplesingar og tekstar om og av Jon Fosse.
Nærlesing av «Jazz meg opp»
Novella «Jazz meg opp» eignar seg godt til nærlesing og analytisk arbeid. Undervisningsopplegget du får presentert her, viser korleis du stegvis kan arbeide med teksten i klasserommet.
Annleis
Dette er eit temabasert undervisningsopplegg om det å vere annleis. Opplegget inviterer elevane til å reflektere over kva det vil seie å ikkje passe inn, å skilje seg ut – eller å oppleve at andre gjer det. Gjennom arbeid med ulike skjønnlitterære tekstar og saktekstar får elevane møte karakterar og menneske som på ulikt vis utfordrar det «normale».